Klokka 03.50 onsdag 21. april vart eigaren av bustadhuset på Hovde i Måndalen, Oddbjørn Hovde, vekt av røykvarslaren. Huset sto i brann. Hovde, som var åleine i huset, tok seg ned frå soverommet i andre etasje via ein brannstige.

Og trass i iherdig innsats frå brannvesenet både i Måndalen og på Åndalsnes, vart bustadhuset totalskadd av brannen. Berre skalet sto igjen då flammane var nedkjempa.

Kriminalteknikarar ved Molde Politistasjon starta nokså omgåande arbeidet med å finne fram til brannårsaka. Dei to etterforskarane har spesialutdanning innan dette med branntekniske ting.

Men trass i omfattande gjennomgang av både hending og ruinar, finn dei ikkje noko som kan vise veg til kva som utløyste brannen.

– Dei har heller ikkje funne fram til nokon arnestad – kvar brannen starta, opplyser politibetjent Richard Merlid ved Rauma lensmannskontor.

Eigaren sjølv antyda overfor Åndalsnes Avis at pipebrann kunne vere ein årsak til at brannen oppsto. Han trur også at mest sannsynleg har brannen starta i første etasje.

Men politiet seier at bygningsmassen er så utbrent at det ikkje er mogleg på antyde verken det eine eller det andre.

Oddbjørn Hovde seier at han vil bygge opp att huset på samme stad.

– Så snart arbeidet med taksering av skadane er gjennomført, vil det bli starta med rydding av tomta. Så må eg finne fram til ei hustype og eit bygg som står i stil med den økonomiske erstatninga eg får for huset som vart øydelagt av brannen, seier Hovde.

Øystein Talberg

oystein.talberg[AT]andalsnes-avis.no

71 22 77 26, mobil: 91 190 213