Det er ein tradisjon at Gjermundnes inviterer 10-klassingar frå heile fylket til ein slik dag. Mest 200 elevar er påmeldt. Desse elevane vert losa gjennom dei forskjellige avdelingane på Gjermundnes og får sjå og prøve kva som skjer.

- Og me traktar gjestane våre med god mat, seier Aadne Haar ved skulen.