Avvik nummer ein er at Rauma kommune ikkje sikrar kontinuerleg og systematisk kartlegging av ernæringsmessig risiko hos heimebuande eldre med vedtak om heimetenester.

Aavik nummer to går ut på at kommunen ikkje sikrar seg at det blir forsvarleg oppfølging av eldre demente heimebuande som har fått vedtak om heimetenester – også det ein systemmangel.

Det var i perioden 19. desember i fjor til 29. mars i år at grunnlaget for rapporten kring dette med systemrevisjon vart innhenta. Tilsynet hadde fokus på eitt av til saman med tre distrikt av heimetenestene – det som blir kalla sentrum distrikt med dalen – Åndalsnes og Romsdalen; etter det vi kjenner til, eit tilfeldig val.

Utan støttefunksjon

I dette området, med rundt 4.000 innbyggarar, har fylkesmannen registrert ei heimesjukepleie som i liten grad har støttefunksjonar. I tillegg til sjukepleiefaglege oppdrag tek personalet seg av innkjøp, oppvarming og servering av middag. Dei tek seg av klesvask, transport til og frå lege.

"Distriktet har tilsett 1,5 stilling som heimehjelp, fordelt på fire personar, og dei tek hand om husvasken", heiter det i tilsynsbrevet.

Fylkesmannen påpeikar at rådmannen i kommunen i 2011 sette ned ei arbeidsgruppe for utgreiing av dagtilbud for demente. Konklusjonen var at arbeidet med eit demensteam og dagtilbud skulle prioriterast.

Ikkje funne plass

"Kommunen har ikkje funne plass for desse tiltaka i 2012", heiter det i rapporten.

Til saman 10 personar er intervjua i samband med tilsynet ved Åndalsnes og Romsdalen distrikt. Kommunen sine tiltak er undersøkt – for å identifisere, greie ut og følgje opp heimebuande eldre med sjukdommen demens. I samband med arbeidet har dei også undersøkt om kommunen vurderer risikoen for ernæringsmessig svikt når dei tildeler tenester – eventuelt om kommunen gjennomfører tiltak for å forebygge og behandle underernæring.

Konklusjonen i rapporten er at kommunen ikkje sikrar kontinuerleg og systematisk kartlegging av denne risikoen hos heimebuande i dette distriktet. NB. Det står ingen ting om at dei ikkje gjer det i praksis.

Brot på reglar

Avvika fylkesmannen har komme fram til er brot på lovparagrafar og forskrifter. I rapporten står det at nasjonale faglege retningslinjer for forebygging og behandling av underernæring ikkje er kjent og implementert – på godt norsk gjort klar for gjennomføring. Det er heller ikkje gjennomført systematisk kartlegging og vurdering av den ernæringsmessige risikoen ved ein person sin overgang til heimesjukepleie.

Når det gjeld avviket som går på at kommunen ikkje sikrar forsvarleg oppfølging av heimebuande eldre demente i dette distriktet, viser fylkesmannen til ei rekkje sviktpunkt – i systemet.

  • Eit personale som er under stort tidspress, noko som igjen gjer det vanskeleg å skape ein god omsorgssituasjon.

  • Det er ikkje lagt til rette for individuelle tenester til demente brukarar; mellom anna er det ikkje snakk om å ha færrast mulege ytararar av tenester som dei demente kan halde seg til.

  • Under intervjua kom det fram at tenesta ikkje har rutiner eller prosedyrer for oppfølging av kvar enkelt dement pasient.

  • Under gjennomgang av pasientjournalar kom det fram at sjukepleiefaglege vurderingar er mangelfulle. Det blir i liten grad nytta plan for pleie eller tiltak som viser observasjon og oppfølging av den enkelte tenestemottakar si funksjonelle utvikling.

  • Under gjennomgang av dokumentasjon kom det også fram at "relativt mange" mottakarar av tenester "rotar" med medisin trass i at heimesjukepleia ved fleire høve har overteke administreringa av medisinen.

  • Kommunen manglar internkontrollsystem og kvalitetssystem for pleie- og omsorgstenesta.

  • Leiinga i kommunen har ikkje eit system for å følgje med på at tenesteytinga er i samsvar med lovkrav og/eller interne krav.

  • Fylkesmannen viser også til at kommunen ikkje har prosedyrer som sikrar kvaliteten i tenesta.

  • Gjennomgang av dokumentasjon viser også at vedtak om heimehjelp ikkje alltid blir oppfylt – heimehjelp kan bli sløyfa ved ferie/vanskar med å skaffe vikar.

  • Til slutt i avsnittet for avvik påpeikar fylkesmannen at det er lite systematisert samhandling mellom lege og heimesjukepleia under utredning og oppfølging av demente.