På eit felles styremøte i dei tre bygdelaga, tirsdag kveld, vart det einigheit om å lansere forslaget om ein stor kommune i indre strøk av Nordmøre og Romsdal.– Vi har svært mykje felles i dei tre kommunane, seier Baard Fredvig Erichsen på vegner av dei tre bygdelaga.For dei tre bygdelaga i Nesset vil å hente fram gamle planer om tunnelsamband mellom Eresfjord og Øksendal og Eresfjord og Isfjorden. To tunnelar på rundt rekna sju kilometer og tre kilometer.

– Dette vil vere billige samferdselsløysingar i forhold til det vi ser av planer for ein ytre stamveg, seier Fredvig Erichsen og vil kalle den lysinga ein indre stamveg som vil gje ei god samferdselsløysing mellom Møre og Trondheimsregionen over den planlagde brua over Todalsfjorden.

Jernbane

– Hydro på Sunndal vil kunne få lettare tilgang til Raumabana og det vil blir ei styrke frå denne banestrekninga, meiner dei tre bygdelaga i Nesset.

– Står ei slik samanslåing og fell med ei slik tunnelløysing?

– Ikkje nødvendigvis, men elles blir avstandane sjølvsagt store. Men vi har svært mykje felles i dei tre kommunane, ikkje minst potensial for utvikling av turisme og vi vi har store kraftressursar i fjellområda våre, seier Fredvig Erichsen.

Molde

– Er dette utspelet ein bit av ei frykt for å hamne saman med Molde?

– Ja, det er det. Vi er allereie ein utkant og vi har ei frykt for å få endå fleire utkantutfordringar i eit fellesskap med Molde.

– Korleis vil de at dette utspelet skal takst vidare?

–Vi har sakna at dette blir sett på som ei løysing og vil at dette skal bli politisk behandla og vurdert. Vi meiner dette vil vere ei løysing som vil utløyse ein eingongsstønad på 50 millionar kroner i tillegg til millionar til samferdsle og dermed vere ein god start, avsluttar Baard Fredvig Erichsen.