Og det var ei ekte sjørøvarskute som barn og foreldre tok i augesyn då Vågstranda barnehage markerte sommaravslutning ein kveld i forrige veke.

Den gamle robåten som for månader sidan måtte kaste inn årane, var både mett av dagar og full av råte.

Plutseleg sto barna utan båt. Men Tor Rune Talberg, far til barn og barnehagen, visste råd. Han er snekkar av yrke. Og i seine kveldstimar tok skuta form. Og i forrige veke var det tid for introduksjon.

– Vi er sjølvsagt svært takknemleg for denne gåva. På vegne av borna vil eg rette ein stor takk til Tor Rune, seier einingsleiar Aine Tomren.

Om barna i barnehagen på Straume snart skal legge ut på tokt, fortel denne historia ingen ting om. Men dei har allereie ymta frampå om at dei ikkje er framande for å innta rolla som sjørøvarar. Under sommaravslutninga var barn og foreldre samla til fest. Undervegs vart det både grilling og kaker med kaffe til. Kanskje vanka det også litt brus til svoltne piratar.

Heller ikkje barnehagen på Vågstranda har flust av offentlege midlar til utstyr og innbu. Slik sett er sjørøvarskuta ei kjærkommen gave. Det er i dag 24 barn i alderen 0-6 år i Vågstranda barnehage.