Det var nesten med angstfulle blikk dei kikka ned i grytene servitørane på Korsbakken på 17. mai i år. Lapskaus var bestilt slik det har vore gjort i årevis, men det nye var at gjestene var fleire enn på mange år. – Berre det blir nok, seier Judith Monsås, ei av dei mange i komiteen på nasjonaldagen og ei av dei mange som på tradisjonelt vis serverer middag til bygdefolk og tilreisande i bygdene Gjerdsetbygda og Torvika. For i Torvik er ikkje 17. mai berre ei markering av nasjonaldagen med 17. mai-tog og 17. mai-tale. Det er nesten like mykje bygda sin store samlingsdag rundt felles middag og felles kaffe og kaker. Ein godt innarbeidd vane som har vore der i mange år og som heilt sikkert er komen for å bli. Strevsamt for servitørane som både rører i grytene, som serverer, som ryddar og vaskar opp. Men det heile går på omgang. Nye folk blir peike ut for kvart år. Talen for dagen på Korsbakken vart halden av bygda sin eigen Erling Hagen og elles var det konkurransar for både store og små. Stein Siem stein. siem[AT]andalsnes-avis.no 71 22 77 25, mobil: 915 10585