– Klart vi skal markere at kommunen er 50 år, seier lærer Kjellfrid Giske Sandnes og fortel at dei på torsdag hadde besøk av Nils Valde som har vore ordførar i kommunen.

Han kunne fortelje om korleis fem små kommunar vart til ein i 1964. Han kunne elles vise elevane det gamle «rådhuset» dei hadde i Veøy kommune. Det ligg berre eit steinkast frå skulen og går i dag under namnet «gamlebanken».

– Og så baka vi kake til ære for jubilanten. Vi laga muffins og dei vart pynta med fem nonstop. Eit symbol på at fem kommunar vart til ein, fortel Kjellfrid Giske Sandnes.