Snøen har latt vente på seg i vinter. Men når den fyrst kom, kom den i store mengder. I går kveld og i natt fall det mengder med snø, og ifølgje Meteorologisk institutt er det framleis venta snø både i dag og onsdag.

Det har brøytemannskapet i Rauma kommune fått kjenne på kroppen. Håvard Håseth fortel at dei har brøyta sidan dei tidlege morgontimar.

– Vi brøyta frå kl. 21 til midnatt i går, og starta på igjen i dag i halv firetida, seier Håseth som saman med Ove Doseth sørger for at vegane på Åndalsnes og Veblungsnes held seg opne. Han har ikkje opplevd at folk har hatt spesielt store problem på vinterføret foreløpig.

– Det kom frykteleg mykje snø på ein gong, så det er sikkert nokre som har problem. Det lønner seg å ta det med ro på vegane no, held Håseth fram.

– Korleis opplever de som brøytemannskap dei store snømengdene?

– Eg er ikkje spesielt glad for at det kjem så mykje på ein gong, seier han og legg til at dei i dag brøyter til snøfallet tek slutt.