Det var duka for feiring i Klokkarstauå ved Rauma sjukeheim torsdag.

Og grunnen til vaiande flagg utanfor institusjonen, besøk av ein festkledd ordførar Lars Olav Hustad og gratulasjonsbrev frå Kong Harald, var Gudrun Dahle sin 100-årsdag. Og med mange av borna og andre i slekta på plass, var det ikkje fritt for at 100-åringen syntest det tok vel av.

Gudrun er fødd og oppvaksen på Yttermittet. Sidan ho gifta seg har ho budd framme på Dahle der ho saman med ektemannen Ole Dahle dreiv gard. Der budde ho fram til 1998 då turen gjekk til Veøy omsorgssenter. Dei to siste åra har Rauma sjukeheim vore heimen hennar.

– Ein hjertegod person, er karakteristikken av 100-åringen.

Slik sett passa orda til blomar og helsing frå styrar ved sjukeheimen, Mary Aasen, godt inn i bildet. «Enkelte mister aldri skjønnheita uansett kor gamal ein blir. Dei flyttar den berre til hjartet. Hos deg visest den både i ansikt og hjarte», var orda frå Mary Aasen.

Du kan lese meir om Gudrun i laurdagsavisa.