Fylkesmannen kan ikkje oppheve eller endre vedtaka som kommunane gjer i kommunereforma, men skal gje ei samla tilråding basert på heilskapen i regionen. Det skriv Fylkesmannen i ei pressemelding.

Og vidare står det slik: Stortinget har gjeve kommunane frist til 1. juli med å gjere eit vedtak om korleis dei ynskjer framtidig kommunestruktur for sin kommune - med utgangspunkt i hovudmåla i kommunereforma.Kommunane starta arbeidet med kommunereforma hausten 2014, og det er prosessane i eigen kommune og saman med nabokommunane i denne perioden som vil vere noko av grunnlaget for vedtaka kommunane skal gjere.

Samtidig vil kommunane legge til grunn fakta, utgreingar, innbyggarhøyringar  og andre viktige innspel før dei tek ei avgjerd om korleis dei ynskjer ein ny kommune. Dette vedtaket vil vere kommunen sitt råd til Fylkesmannen. Kommunen skal sende inn vedtaket til fylkesmannen innan 1. juli 2016.

Stortinget har også gjeve fylkesmannen i oppdrag å lage si tilråding ut i frå ei heilskapleg vurdering om kommunestrukturen i Møre og Romsdal. Fylkesmannen vil difor gå igjennom alle vedtaka frå kommunane, fakta og utgreiingar og gje si tilråding til Stortinget om framtidig kommunestrukturen i Møre og Romsdal.

Tilrådinga frå fylkesmannen legg til grunn dei same kriteriene frå Stortinget som kommunane skal gjere. Denne tilrådinga vil vere fylkesmannen sitt råd til Stortinget.

Fylkesmannen har frist på seg til 1. oktober 2016 til å sende inn si tilråding saman med vedtaka frå kommunane til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. På bakgrunn av vedtaka frå kommunane og tilrådinga frå Fylkesmannen vil Stortinget gjere endeleg vedtak om framtidig kommunestruktur i Møre og Romsdal innan 1. juli 2017.

Pressemeldinga er underteikna av Lodve Solholm og Rigmor Brøste.