Senterpartiet seier at med færre lokalpolitikarar totalt vil det likevel kunne blir fleire heiltidspolitikarar, noko eg meiner vil føre til mindre lokalkunnskap og mindre kontakt mellom folk og folkevalte.

- Og eit viktig spørsmål er kva oppgåver kommunane skal få. No blir kommunane bedne om å slå seg saman først, utan å få klår beskjed om oppgåvene. Det framstår som ei reform for reforma sin eigen del.  Mange av dei kompetansearbeidsplassane som er i vår kommune, sit faktisk på rådhuset. Ein talar ofte om å skape nye arbeidsplassar i distrikta, men vi må ta vare på dei vi har i tillegg, seier Magnhild frå Innfjorden.

- Ikkje imot sammenslåingar

- Gjennom mine snart 8 år på Stortinget har eg opplevd sterke ordførarar og lokalpolitikarar som brenn for lokalsamfunnet sitt som avgjerande for at vi på Mørebenken skal kunne gjera ein god for fylket vårt. Det er veldig nyttig med innspel og påtrykk frå lokalpolitikarar, men viss det blir att berre ein ordførar og eitt kommunestyre i heile romsdalsregionen, blir det mange innspel som aldri kjem, seier Jenny Klinge.

- Vi i Senterpartiet er ikkje mot kommunesamanslåingar, men slike må koma der folket sjølv meiner dei er tente med det. Eg kan ikkje sjå for meg at fleirtalet i Romsdal meiner dei er tente med at åtte kommunar skal bli til ein, med dei avstandane dette vil innebera, seier Klinge.