Det er innbyggarane i grenda Øygarden på Vågstranda som no tek initiativ til at noko må gjerast med trafikktilhøva på staden.

I et brev til kommunen og Vegvesenet blir det påpeika at det er ni hus som har direkte avkøyring frå E-136 i dette området.

Fartsgrensa på strekninga er 80 km/t og det er ikkje gang- og sykkelsti langs den sterkt trafikerte stamvegen.

Det blir vidare i brevet vist til at det er mange forbikøyringar på strekninga trass i at vegen har sperrelinje. Farta er stor i området fordi særleg tunge køyrety "gir på" før bakkane på andre sida av dumpa i området der den vestlegaste avkøyringa fra europavegen til bygda er.

I sum utgjer dette trafikkbildet ein stor fare for folk, blir det argumentert med i brevet. Det blir og vist til at det har vore ei dødsulykke i området og at det har vore fleire bilulykker. Barn må dessuten gå langs denne vegen når dei skal til og frå skule.

"Vi i dette nabolaget ønsker oss en vei, der barn og voksne kan ferdes trygt. Tre farlige avkjørsler kan bli til en trygg", heiter det i brevet som er undeteikna av 13 personar. Dei ber til slutt om tilbakemelding frå dei to adressatane rundt korleis denne saka kan løysast.