– I fjor var det eit vassrikt år med god produksjon. Det berga resultatet. For orkanen Dagmar påførte oss rundt 5 millionar kroner i ekstra utgifter og tapte inntektskroner, forklarer administrerande direktør Alf Vee Midtun i Rauma Energi AS.

2010 og 2011 var to ulike år; sett med kraftselskapet sine auge.

Medan 2010 var sterkt prega av lite vatn med tidleg berrfrost og dårleg oppfylling av magasin, var fjoråret det stikke motsatte. Kulda held seg ei lita stund inn i 2011. Men då mildveret kom, kom det til gangs. Dessutan regna det nesten dagstøtt – i alle fall verka det slik.

– Vi hadde ein auke i produksjonsinntektene på rundt 6 millionar kroner i 2011 samanlikna med året før, fortel Midtun.

Kalddusj

Då dei tilsette avslutta før jul, var det desse tala som slo lag med dei inn i juleferien.

Men Dagmar ville det ansleis. Då juleorkanen stilna av, låg store deler av nettet nede. Selskapet fekk ekstrautgifter i millionklassen til arbeidet med å føre fram straum til kundane. I tillegg fekk dei ekstra utgifter i form av det å betale "straffegebyr" eller kompensasjon til kundar som var utan straum utover dei 12 timane som er minstekravet leverandøren har til å levere energien.

Nesten opp i opp

Alle utgiftene knytt til orkanen er bokført på 2011-reknskapen – utgifter som går direkte på botnlinja. Dei 30 millionar kilowattimane eller 6 millioner kronene meirproduksjonen for eit heilt år ga, vart nesten borte i løpet av nokre timar med juleorkan.

– Ein skikkeleg kalddusj, erkjenner Midtun.

Rauma Energi har eit driftsresultat på 39,3 millionar kroner; 1,3 millionar lavare enn 2010. Årsresultatet etter skatt er på 15 millionar kroner; millionen mindre enn i 2010.

Avkastning

Og medan eit energiselskap som Tussa AS har vedteke ikkje å betale ut aksjeutbytte til sine eigarar, leverer Rauma Energi AS igjen ei solid avkastning til sin eigar, Rauma kommune som eigentleg er deg og meg.

– Styret si innstilling overfor generalforsamlinga i selskapet er at vi skal dele ut utbytte tilsvarande 8,5 millionar kroner, fortel styreleiar John Ekroll som legg til at kommunen dei siste fem åra henta ut 52,5 millionar kroner i form av aksjeutbytte. I tillegg hentar dei kvart år 4,2 millionar kroner i renter på eit ansvarleg lån. På fem år vil kommunen i så fall ha henta ut 73,5 millionar kroner frå Rauma Energi AS – det fortel litt om den verdien det er for kommunen å eige eit så veldrive selskap.

Må vurdere framtida

Men styreleiar er ikkje i tvil om at eigar no må vurdere framtida sine krav til avkastning. Grunnen til det er dei nært foreståande utbyggingskostnadene (sjå eiga sak). Per i dag har ikkje Rauma Energi AS nokon stor kapitalbase til å møte store utbyggingskostnader med.

– Å skulle gjennføre utbyggingar kun med lånemidlar, kan bli for kostnart, seier styreleiaren.

I år etter år leverer Rauma Energi AS resultat og avkastning som forventa av eigar.

– Kva er fremste årsaken til denne stabiliteten i leveransar av gode resultat?

Strategi

Dei ser litt på kvarandre styreleiaren og direktøren – vurderer om dei no vil røpe forretningshemmelegheiter.

– Vi har flinke folk i selskapet – i organisasjonen, startar Midtun.

– Vi arbeider etter ein nøye gjennomtenkt strategi – med kvalitet ned til minste deltalj. Alt selskapet driv med skal gjennomsyrast av dette med lønsemd, seier Ekroll.

Og når det gjeld akkurat dette med lønsemd er direktøren stolt over at alle verksemdene innan konsernet Rauma Energi AS no går med økonomisk overskot. Rauma Energi Kraft AS. Rauma Energi Bredbånd AS, Rauma Energi Eiendom AS alle går dei i økonomisk pluss.

– Per dato er alle kvadratmetrane med eigedom utleigd, fortel Alf Vee Midtun.

Rauma kommune har sikra seg gullkalven gjennom det å vere eineeigar av Rauma Energi AS – ein gullkalv som kan bli endå meir gyllen dei komande åra.