Politioverbetjent Vebjørn Bale er tilbake. Tilbake i Isfjorden og tilbake i heimlege og kjente trakter. Vebjørn Bale er tilbake etter fem veker på det vi trygt kan kalle opprørt hav og stappfull av inntrykk han vil bruke tid på å fordøye.

Middelhavet og skipet Siem Pilot har vore arbeidsplassen dei siste fem vekene. Skipet er norske styremakter sitt bidrag til å redde liv i Middelhavet og til å ha kontroll med Schengen sine yttergrenser. Landsbase har vore Catania på Sicilia, men for det meste har skipet vore i sjøen.

Aller mest rundt eit døgns reise sørover mot kysten av Nord-Afrika og Libya. Rundt 40 sjømil frå kysten har skipet patruljert og venta på at gummibåtar eller trebåtar stappfulle av flyktningar skulle dukke opp.

– I praksis har det mest vore redningsteneste, fortel Vebjørn, middelhavsbrun i andletet.

Men soling på dekk har det ikkje vore mykje av. Det har vore arbeid som ein del av eit mannskap på 11 politifolk, 11 frå Forsvaret og 14 sivilt tilsette. Arbeid som nestkommanderande i eit tett, sterkt og effektivt fellesskap på tvers av profesjonar og bakgrunn.

– Utruleg givande og interessant, og svært lærerikt, seier Vebjørn som er heime i nokre veker før han seinare skal ut, to gonger til, i to periodar på fire veker.

2.220 menneske har dei hatt om bord etter å ha redda dei opp frå havet. 2.200 personar; menn, kvinner og barn, på flukt frå fattigdom, arbeidsløyse og naud til ein draum og eit betre liv og betre framtid i det rike Europa. Men vegen har for mange både vore lang og farefull og med livet som innsats.

– Ofte handlar det for oss om at alarmen går. Overfylte båtar er oppdaga og skip i nærområdet blir dirigert for å hjelpe til med å berge liv slik det alltid er på havet. Det er slike oppdrag vi er drilla for, fortel Vebjørn og fortel at slike operasjonar blir gjort etter nøye instruksar og prosedyrer. Punkt ein er tryggleik, punkt to er helsesjekk og punkt tre er utdeling av mat og drikke og eit varmeteppe.

– Smittevern er ein viktig del av dette. I slike redningsoperasjonar er mannskapet på dekk kledd i heildekkande drakter og munnbind og skipet blir delt inn i soner, fortel politimannen og legg til at det blir smittevern og tryggleik for alle som blir politiet sin hovudfokus.

– Vi har hatt mellom 500 og 800 flyktningar om bord på kvar redningsaksjon. Og den norske måten å gjere dette arbeidet på er å handsame folk med respekt og verdigheit. Det har vore særs viktig for oss og det er oppdraget vårt.

Vebjørn fortel vidare at redning ute i det store havet må skje med stor varsemd av mange grunnar. Ein må sikre seg at ingen har våpen eller er ein trussel mot oss og ein må sikre seg at ingen fell i sjøen. To lettbåtar må nærme seg flyktningbåtane frå kvar si side på same tid. Få kan svømme og vi må dele ut flytevestar til alle.

– Går vi inn berre frå eine sida, vil folket strøyme over til eine kanten og båten vil kantre. Vi må gjere dette arbeidet med disiplin og autoritet. Vi snakkar her om folk som både er redde og desperate og som reagerer meir med instinkt enn med tanke, fortel Vebjørn.

– Er det plass til følelsar?

– Nei, vi må gjere ein jobb og det er viktig at vi gjer den jobben vi må gjere. Men vi ser fortviling og desperasjon. Vi ser folk som er skadde og folk med sjukdomar. Berre sjeldan ser vi individet bak og i alle fall ikkje i denne fasen av operasjonen. Vi får meir høve til det etter at den mest akutte fasen er over og vi er på veg mot hamn i Italia. Vebjørn fortel at dei til og med har sett på afrikansk musikk og at migrantane har dansa i flokk på dekk i glede over at dei trygge og blir tekne hand om.

Om bord i Siem Pilot sit migrantane på dekk. Menn og kvinner blir skilte frå kvarandre og private eigedelar blir konfiskert og først utlevert når dei er på land og blir tekne over av italienske styresmakter.

– Dette gjer vi for å unngå tjuveri og valdsepisodar om bord.

– Har opplevingane desse fem vekene gjort noko med følelseslivet ditt?

– Både ja og nei. Eg har fokus på å gjere ein jobb, men eg har fått eit vidare perspektiv på ting og det er ikkje minst godt å kome heim å sjå kor godt vi har det. Eg kjenner på eit ansvar for å forklare mine eigne barn kor stor forskjell det er på folk rundt om i verda.

– Skjønnar vi kor godt vi har det?

– Nei, vi gjer ikkje det. Vi må lære for å forstå og eg trur nok at lærdomen eg no har fått, vil påverke meg i jobben som politimann og dei avgjerdene eg blir sett til å ta.

– Har det vore fysisk og mentalt slitsamt?

– Nei, faktisk ikkje. Det er ei fantastisk oppleving å vere ein del av det tette og gode samarbeidet om bord. Vi dreg i felles retning og folk er både motiverte og dedikerte til å gjere ein god jobb. Det er ein driv og ei samling av idealistiske haldningar som det er fantastisk å vere med på. Her tel vi ikkje timar, vi er PÅ.

– Korleis er det å kome heim?

– Det er sjølvsagt godt, men det blir og eit slags tomrom etter det intense livet om bord. Det blir sterke relasjonar i slike arbeidsfellesskap og eg kvir meg ikkje til å reise ut att i juni for fire nye veker.

– Har du blitt ein havets mann?

– Eg har ikkje vore sjøsjuk, heldigvis. Men vi er ofte ute i bølger på 5,6,7 meter og det gyngar godt.

– Ser du mykje takksemd?

– Ja, vi gjer det. Ikkje minst fordi dei opplever det som trygt om bord. Dei har faktisk vore ut på ei reise i ein båt dei ikkje kan lukkast med å krysse havet med og ei reise i ein situasjon som på fleire vis har vore særs utrygg.

– Det mest spesielle og mest lærerike du nokon gong har vore med på?

– Ja, utan tvil og eg opplever å bli klokare av det. Men vi skal ikkje gløyme at kvardagen i politiyrket her heime kan vere like tøff og vel så spekka med sterke inntrykk. På Siem Pilot blir alt berre så mykje større.

Vebjørn synest det er greit å formidle inntrykk han har hatt, men han er glad for at slepp å meine noko om korleis det store flyktningespørsmålet skal løysast.