Kvart femte bustadhus i Norge manglar vegadresse. I Rauma er det berre ein tredel av bustadene som har ei vegadresse å vise til. Ei kjapp køyrerunde sjølv i sentrum av Åndalsnes viser manglande gatenamn eller gøymde skilt – bygga i sentrum manglar også nummer; eller dei har nummer av ulik utforming og delvis bortgøymt for allmennheita.

No meiner ordførar Oddbjørn Wærås det er på tide og rette fokus mot manglande vegadresser i kommunen.

– For ambulanser og andre utrykningskøyrety – for vareleverandørar, drosjer og post, ikkje minst – er dette manglar som kan skape problem i deira daglege arbeid. I nokre tilfeller kan manglande adresser for til dømes ambulansetenesta gjere at det kan stå om liv, påpeikar ordføraren.

I økonomiplanen er det sett av 400.000 kroner til arbeidet neste år – ein liknande sum pengar i 2014.

– Eg vil orientere det politiske Rauma om denne saka; få den sett på dagsorden, seier Wærås som gjorde dette på siste møtet i formannskapet.

Global Positioning System

I eit GPS-styrt samfunn er dette med godkjente vegnamn og husnummer, eit must om brukarar av tenesta skal finne fram. I dag er det å finne fram i stor grad overlete den geografiske lokalkunnskapen.

Wærås er klar over at det i dag manglar både vegnamn og husnummer rundt om. Slik sett er det eit omfattande arbeid som må gjennomførast. Men ein stad må ein starte.

Alle vegar og gater må få sitt godkjente namn. Husa langs med vegen må få sitt godkjente nummer. Dette gjeld såvel i bystrøk som i byggefelt og einebustader rundt om i bygdene. Klikkar ein inn namnet på ein person om vedkommande er busett på Verma eller Mittet – på Åndalsnes eller i Isfjorden så skal namnet bindast opp til ei adresse som dukkar opp om ein til dømes nyttar seg av ein GPS som stifinnar.

Saman om prosjektet

Wærås meiner det er naturleg at det offentlege ber kostnadene til det å sette opp skilt. Men det er også naturleg at huseigarane må stå for arbeidet med å nummerere huset.

– Poenget er at vi må gå saman om dette, seier Wærås som legg til at dette er noko ein må komme fram til etter kvart. Han ser også for seg ei ordning der hytteeigedommar må inn i samme adressesystemet.

Ordføraren seier at han er klar over at dette er eit arbeid som kan ta tid.

– Uansett er det viktig å setje saka på dagsorden.

Og det vil den nå. På siste formannskapsmøte ble det vedtatt at saka skal oversendes kommuneadministrasjonen; så vil den komme igjen som egen sak i politiske fora.

Kor hænn? Ordførar Oddbjørn Wærås meiner det er på tide å gjere noko med manglande vegadresser i kommunen. – Dette har mellom anna med sikkerheit å gjere, påpeikar ordføraren som står i eit vegkryss på Øran Vest på Åndalsnes. Gatene i krysset manglar skilt; kanskje manglar dei namn til og med – kven veit. Foto: Øystein Talberg