Tilbake. Per Arne Skomsø (til høgre) blir på nytt å sjå i kommunestyresalen i Rauma. Han stiller no på topp i SV og blir truleg kollega i kommunestyret med Torbjørn Rødstøl og Arne Steffen Lillehagen.

I siste liten. Det er vel vere rett uttrykk når det gjelder Rauma SV og liste til kommunevalet til hausten. Åndalsnes Avis har tidlegare skrive at SV er ute av politikken i Rauma, men no har altså veteranen frå Rødven starta ein bergingsaksjon og stiller på toppen av SV-lista.

– Fordi eg er interessert i politikk og interessert i å vere med, seier Per Arne Skomsø og fortel på same tid at det å bli pensjonist og gå inn i eit stille og anonymt tilvære, har vist seg å vere eit mislykka prosjekt.

– Eg har alltid hatt eit sterkt engasjement og det vil eg nok også mellom anna bruke til politikk, seier Skomsø som ikkje legg skjul på at han reknar med at det blir plass til han i kommunestyret.

– Var det vondt for deg å sjå at partiet SV ville bli borte frå partifloraen i Rauma?

– Ja, eg legg ikkje skjul på det. Det var med på å avgjere at eg no har bestemt meg for å stille opp, seier veteranen som til saman har 24 år bak seg som politikar i kommunestyre og fylkesting.

Også Wold

Og Per Arne Skomsø sin tilbakekomst har også gjort at Yvonne Wold stiller seg disponibel for ein ny periode. Wold representerer SV i dag og stiller no på andreplass på ei liste som vil bli lagt fram på eit nominasjonsmøte den 17. mars. Fristen for å levere liste til kommunen er 25. mars

– Vi arbeider no for fullt med å få på plass fleire namn på lista. Kravet er sju namn og det skal vi greie. Så får nominasjonsmøtet formelt bestemme korleis lista til sjuande og sist blir sjåande ut, seier Yvonne Wold som er nyvald leiar i Rauma SV.