Det seier Ola Elias Åndal ved Grand Hotel Bellevue på Åndalsnes når han blir kjent med at fylkesrådmannen nå vil spreie fylkestinga rundt om i fylket i langt større grad enn det som har vore vanleg til no. Fylkesrådmannen går inn for dette for å gjere fylkeskommunen meir synleg og å styrke legitimiteten til det regionale folkevalde organet.

Fylkesutvalet skal handsame saka i sitt neste møte. I forslaget frå fylkesrådmannen heieter det at to av dei fire fylkestingssamlingane er tenkt å vere ambulerande og dei to er samlingane i juni og oktober. I løpet av ein valperiode vil det bety at dei fire områda Nordmøre, Romsdal, nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre skal ha minst ei samling. Desembertinget skal leggjast til Molde og dei to siste samlingane skal vere opne for anbod.

I dag har fylkeskommunen ei anbodsordning der geografisk plassering ikkje er eitt av kriteria. Dette har ført til lite geografisk spreiing av fylkestingssamlingane. Det er no ei målsetjing at dei framtidige fylkestingssamlingane kan bli meir synlege og merkbare og med auka deltaking av publikum.

– Å kome rundt til ulike delar av fylket gir også representantane meir kunnskap om tilhøve i heile fylket, skriv fylkesrådmannen i saka som er på kartet til møte i fylkesutvalet den 22. mai.