12 nye husstandar har etablert seg i innfjorden den seinare tida og målet er det doble. det fortel Lars Stenerud som er ein av drivkreftene bak arbeidet med å auke folketalet i Innfjorden. Og det er med bakgrunn i dette at Stenerud meiner politikarane no ikkje må forhaste seg. Auken i elevtalet veed skulen vil bli tydeleg i åra framover, og vi meiner skulen er ein viktig del av infrastrukturen i ei bygd som vil vekse, meiner Stenerud. I går kveld vart det halde folkemøte i Innfjorden og Stenerud sa til Åndalsnes Avis før møtet i går at det er viktig at bygda no står fram med ein argumentasjon som tåler dagens lys og som er sakleg i høve det temaet dreier seg om. Han fortel at fleire organisasjonar i bygda no arbeider synkronisert i høve til forslaget om nedlegging av skulen i bygda. – Er det elevane sitt beste eller er det bygda sitt beste som står i fokus for arbeidet som no blir gjort? – Det må ikkje herske nokon tvil om at det er elevane sitt beste som må ligge til grunn her. Og difor gjennomfører foreldra sitt arbeidsutval (FAU) no ei undersøking av korleis foreldra til barna i skule og barnehage stiller seg til å oppretthalde skulen. Det blir og spurt om synet på å opprette privatskule i bygda. Er det stemning for det, må kommunen sjå på reknestykket sitt på nytt, seier Lars Stenerud. – Tanken om privatskule blir dermed brukt som pressmiddel mot kommunen? – Det kan i alle fall bli eit godt argument, seier Stenerud og fortel at lovnad om kapital allereie er på plass om det skulle vise seg å vere eit ynskje om å jobbe for å etablere privatskule. Blomstringstid Lars Stenerud meiner Innfjorden lett kan blir bygda som opplever ei blomstringstid i åra framover. Han seier ingen i dag veit kor lenge Mannen vil føre til problem når det gjeld nye bustader i sentrumsområda rundt Åndalsnes og Veblungsnes. – Det kan kome til å bety at folk må sjå seg om etter andre sentrumsnære løysingar og Innfjorden kan bli eit svært aktuelt alternativ, seier Stenerud og poengterer at bygda no må føre ein diskusjon som dei tåler å bli sitert på. Det skal vere lov å ha ulike meiningar og det skal det vere respekt for, seier Lars Stenerud og signaliserer ein fleirtrinnsrakett i høve arbeidet som no blir gjort rundt spørsmålet om framtida for Innfjorden skule. Stein Siem stein. siem[AT]andalsnes-avis.no 71 22 77 25, mobil: 91 510 585