Dei kan vise til eit år med møter og ei periode med god synlegheit i media. Av dei "synlege" sakene var badeanlegget i Bjørmosen – korleis dei kunne utnytte det tidlegare høgdebassenget til vassforsyninga av Åndalsnes til andre aktivitetar. Vår og sommar som mykje benytta badeområde – vinterstid som skeisebane, mellom anna.

Når det gjeld vidareutvikling av dammen så pågår det arbeidet framleis. Ungdomsrådet har kommunale pengar dei rår over – midlar dei kan dele ut til ymse tiltak.

Til eit tilskot til ein paintballklubb på Åndalsnes gjekk det rykter om at pengane ikkje vart nytta til formålet det var søkt om. Leiar i klubben skulle gje tilbakemelding om bruken av pengane. Etter purrerunder vart pengane attendebetalt. Dei var ikkje brukt som dei skulle.

Elles har ei rekkje tiltak fått nytte av midlane Ungdomsrådet fekk til fordeling. Rådet har dessutan delteke på ei rekkje tilstelningar og engasjert seg i fleire saker. Eit aktivt ungdomsråd med Peder Gjerstad i spissen som no har levert inn årsrapporten for 2012.