– Alle søknadene om spelemidlar frå Rauma, som vart sendt inn med tanke på tildeling for inneverande år, er godkjent. Men ikkje alle søknadene fekk tildelingar for 2010. Dei blir ståande i kø i påvente av spelemidlar nok, opplyser kultursjef Harald Krøvel.

Etablering av eit fullskala friidrettsanlegg på Måndalen stadion, var det anlegget i Rauma det vart søkt om størst andel spelemidlar på. Måndalen IL har fått godkjent søknadssum på 1,5 kroner.

– Dei har fått godkjenning på 1,5 millionar – eit beløp dei vil få tidlegast neste år, seier kultursjefen.

MIL sendte også inn søknad om spelemidlar til kunstgras og lys i Måndalshallen. Her fekk dei godkjent søknaden på heile beløpet; 895.000 kroner. Men tildelinga vil skje tidlegast neste år.

Holmemstranda idrettslag søkte om spelemidlar til bygging av klubbhus ved Åfarnes stadion. Dei ba om 251.000 kroner og fekk 251.000. Men i likheit med MIL vil pengane først bli utbetalt neste år.

Rauma skyttarlag søkta om spelemidlar til oppgradering av skytebanen i Rødven. Dei fekk godkjent søknaden om tildeling av 508.000 kroner. Men også dei må vente.

Det same gjeld søknaden frå Rauma Golfklubb om 700.000 kroner til bygging av klubbhus.

I samband med etableringa av ballbinge ved Vågstranda skule, vart det søkt om 200.000 kroner i spelemidlar; også dei må vente. Det same gjeld Isfjorden IL sin søknad om midlar til skileikanlegg i bygda. Tildelinga på 180.000 vil bli ståande på vent.

Eit nærmiljøanlegg på Åfarnes, ballbingen, fekk 200.000 kroner som det vart søkt om. Også ein tursti frå Nebba til Bjørmosen fekk spelemidlar tilsvarande 94.000 kroner – i år. Av andre nærmiljøanlegg som fekk spelemidlar kan vi nemne grindbygg ved Åfarnes skule som vart tildelt 48.000 kroner – informasjonstavle i Kammen på Åndalsnes; 40.000 korner samt tursti frå Mjelva til Blåhammaren med godkjent søknadssum på 37.000 kroner.

Spelemidlar i år får også Rauma Golfklubb. Søknaden om 130.000 kroner til hus å ha utstyr i, vart godkjent og pengar tildelt prompte. Også Måndalen Jeger- og Fiskarforening sin søknad om 83.000 kroner til etablering av Middagsbu, ei åpen dagsturhytte i måndalsfjellet, fekk spelemidlar for inneverande år.