Måsvatnet. Grunneigarar på Bruaset i Måndalen planlegg hyttefelt i området Måsvatnet-Skarsetra. – Eit attraktivt fjellområde takka vere vegen som vart etablert til Skarsetra for 30 år sidan, seier Torbjørn Bruaset.
Kan bli attraktivt hyttefelt. Dette bildet er teke i september 2001. Torbjørn Bruaset er ein av grunneigarane på Bruaset i Måndalen som no søkjer om å få legge ut hyttefelt i området mellom Skarsetra og Måsvatnet. Vatnet ligg bak haugen under skaret bak på bildet. Det er frå før av bygd 12 hytter ved Måsvatnet.