Hans og Anders Skotte har selt tomtene som ligg mellom bustadfeltet og Åndalsnes Camping. Tirsdag vedtok kommunestyret prisen for tomtearealet. Den eine tomta er verdsett til 160.000 kroner – den andre 135.000. Kjøpar må sjølv betale for tilknytningsavgifter for vatn og kloakk – ta på seg gebyret for byggesakshandsaming, planlegging og tinglysing av skjøte. Fristen for å bygge på arealet er eitt år frå dato.