Eitt år permisjon frå jobben etter at Elling vart fødd, vert for lite, alt for lite for mor Vibeke Strand Dahle. No har ho tatt fri eit ekstra år og er heime på heiltid saman med guten som no er 16 månader gammal.

Og for Vibeke er dette eit aktivt verdival. Då det første permisjonsåret gjekk mot slutten, kjende ho meir og meir på at tida saman med Elling vart for kort. Ho var på ingen måte klar for å levere han i barnehage. Tvert om. Ho hadde stort behov for meir tida saman med guten sin, rett og slett meir tid til å bli kjent med han og ta aktivt del i utviklinga.

– Det skjer så fort og dette er ei tid vi aldri får tilbake, seier Vibeke og legg ikkje skjul på at om ho skulle vere å heldig å få fleire barn, så vil ho gjere det på same måten.

Vibeke meiner dette ikkje er eit gammaldags val ho har gjort, heller eit moderne og aktivt verdival.

– Når vi vel å få barn, er det vårt ansvar. Det er mange flinke folk i barnehagen og eg trur barna har det godt der, men eg tenkjer at dei ikkje treng ein barnehage før dei er to år gamle. Då får dei fleire sosiale behov og det er heilt naturleg at dei er i barnehagen, seier Vibeke og legg ikkje skjul på at morskjensla vart sterkare enn ho hadde trudd då ho fekk barn.

Mor heime

Då Vibeke sjølv var liten, var mor hennar heime med barna. Ho trur kanskje det har vore med å påverke det valet ho no sjølv har gjort. At ho i tillegg har fått full støtte både frå eigen familie og frå svigerfamilie rundt det valet ho og mannen har gjort, har og verka positivt.

– Andre foreldre på vår alder synest og det er flott at eg tek meg tid og råd til å vere heime. Mange meiner eg er heldig som kan prioritere slik. Eg trur alle kan gjere det om dei vil det nok. Det handlar om å prioritere kva ein meiner er viktig. Vi har no ei løn mindre, men vi har sett av litt pengar og vi har eit litt meir bevisst val rundt det forbruket vi har. Det har vi berre godt av og vi lir inga naud. Tvert om. Vi gir eigentleg ikkje avkall på noko, seier Vibeke.

Pappadag

Kvar fredag har dessutan mannen pappadag utan at Vibeke av den grunn reiser på jobb. Det betyr ein felles dag der dei får høve til å vere saman med Elling i lag.

– Det er og ei god investering i familielivet og gjer godt for oss begge, meiner Vibeke.

Vibeke har berre møtt positiv innstilling frå arbeidsgjevaren i samband med permisjonen. Men ho ser og at det skaper utfordringar for ein arbeidsgjevar når nye folk må inn.

– Men eg er oppteken av at det ikkje skal vere samfunnet som bestemmer korleis vi skal velje. Det må vi kunne få lov til å gjere sjølve, seier Vibeke Strand Dahle.

Og Vibeke har ikkje angra. Tvert om. Ho set pris på kvar einaste dag og kjenner seg ikkje på nokon måte einsam i lag med guten på vel eit år.

– Du kjenner ikkje på at du går glipp av noko?

– Nei, eg kjenner vel heller på at eg hadde gått glipp av mykje om eg var mindre saman med sonen min. Når det gjeld arbeidsplassen min, så har eg god kontakt, stikk innom ein del og stiller opp om det skulle vere noko spesielt. Kanskje må eg oppdatere meg ein del når eg begynner på att, men det skal vel gå bra.

– Var det lett å ta det valet du no har tatt?

– Det var dette eg ville, men eg var letta då eg endeleg hadde bestemt meg. På mange måtar er det vel forventa at vi skal vere attende i arbeid etter den betalte permisjonen.

– Du er 32 år. Trur du at du hadde gjort eit anna val om du til dømes var 22?

– Ja, det trur eg kanskje. Dette har og litt med modning å gjere. Men slik er det ofte med kvinner i dag. Dei utdannar seg og får seg jobb først. Så blir det aktuelt å bli mor. Det betyr at mange er over 30 når dei får sitt første barn.

– Kva tenker du om valet ditt i eit likestillingsperspektiv?

– Eg er ikkje så oppteken av det faktisk. Det som opptek meg er at vi sjølve kan velje korleis vi vil ha det. For oss er dette eit verdival både for meg og mannen min og det gjer godt for oss begge at eg er heime. For oss er det det aller viktigaste, avsluttar Vibeke Strand Dahle.

Stein Siem

stein. siem[AT]andalsnes-avis.no

71 22 77 25, mobil: 91 510 585

Mating. Å mate bikkjene er eit daglig gjeremål for mor og Elling. Det er eitt av Ellings høgdepunkt på dagen.