Seksjonssjef Kjetill Kjersem er snar med å vise til ei felles rammeplan som gjeld heile Norge og som i vårt tilfelle har vore ute på høyring også i Rauma kommune. Dette er ei rammeplan der vegar blir delt inn i fire kategoriar og der RV-64 ligg i kategorien for dei viktigaste vegane. – Det er denne rammeplana som kjem inn i bildet når vi seier nei til å skilje ut tomter. Langs desse vegane skal vi vere særs varsame med å tillate nye hus og meir trafikk. Vi vil ikkje ha ei planlaus utbygging, seier Kjersem og viser til at det er kommunane sitt ansvar å sjå til at utbygging blir regulert. Eitt hus her og eitt hus der blir dermed vanskeleg. – Rauma vil gjerne stå fram som ein naturglad kommune og vil at folk skal kome hit og få busetje seg landleg. Så set Vegvesenet bom for det. Skjønar du at det er konfliktfylt? – Ja, det skjønar eg veldig godt. Men vi har mange døme på at folk gjerne vil bygge og flytte inn og så ser dei vanskelege trafikale tilhøva først når barna skal starte på skulen. Då kjem kravet om at Statens vegvesen må sjå til at ungane blir sikra og at det blir trygg skuleveg. Det er kommunane sitt ansvar å regulere bygging forsvarleg også i høve trafikktryggleik. Er kommunane villig til å ta utgiftene som dette medfører? – Er det slik at Vegvesenet rir prinsipp og ikkje ser på kvar sak for seg? – Nei, vi rir ikkje prinsipp og kvar sak blir vurdert individuelt. – Somme vil hevde at det skil seg kven som er saksbehandlar og at det kan vere avgjerande for utfallet i ei slik sak. Kva seier du til det? – Det er tøv og det er det første gongen eg høyrer. Nei, vi er organisert i team og slike saker blir drøfta. Det er mitt ansvar at det blir lik behandling. – Har det noko føremål ikkje å gje seg? – Då blir det eventuelt ei klagesak som går til Fylkesmannen. Det må gjerne folk gjere, men det er svært sjeldan vi har slike klagesaker. – Er RV-64 ei særs vanskeleg strekning? – Ja, det er ei vanskeleg strekning med stressa trafikk. Og store delar av arealet rundt er jordbruksareal. Vi seier ikkje nei til hus nummer to på garden fordi det er ein del av overordna landbrukspolitikk der det skal takast omsyn til at gardane skal kunne drivast vidare med ein ny generasjon. – Betyr det at det er liten vits å søke om å få dele frå hus i dette området? – Det kan eg ikkje seie, men kommunen må gripe tak i dette å sjå på kva dei vil gjere med det. – Men trafikken er vel den same om det er hus nummer to på garden eller om det er frå eit hus som er skild ut? – Det blir ei heilt anna sak og er ein del av den overordna landbrukspolitikken, seier Kjetill Kjersem.