Ikkje uventa var det KrF – denne gongen ved gruppeleiar Arne Hop – som tok til orde for ei innskjerping av retningslinjene for skjenkebevillingar i Rauma. Han hadde eit forslag til vedtak i formannskapet som ikkje fekk fleirtal. Her heiter det mellom anna at ved arrangement som er åpne for alle, vil tildeling av bevilling vere avhengig av at det blir sikre ordningar for at ungdom under 18 år ikkje skal få kjøpe eller bli skjenka alkoholhaldig drikk.

– Det som skjer i samfunnet rundt oss med vold og rus – store samfunnsproblem, gjer at vi må gripe fatt i problemet, sa Hop.

Og han fekk støtte av partikollega Marit Valde Singelstad.

Kåre Brøste (Ap) erkjente at KrF tok opp eit viktig samfunnsproblem – at dei som får tildelt skjenkebevillingar må ta ansvar slik at barn og unge ikkje får tilgang til alkoholhaldig drikk ved arrangement.

"God ordning"

Ellinor T. Solheim kom inn på problema ei innskjerpa ordning vil kunne ha å seie for festivalar som RaumaRock til dømes – å setje aldersgrense på 18 år i tilfellet der skjenking av øl skjer i samme området som også unge har tilgang.

– Skal vi i 2012 setje 18-årsaldergrense på arrangement som dette, er feil. Vi har ei bra ordning som vi har, sa Sp-politikaren.

Tormod Lien (Frp) påpeika at mindreårige ikkje skal vere inne på område som det blir skjenka alkohol i.

– Eit problem som er vanskeleg å handheve, påpeika Frp-politikaren.

Arne Steffen Lillehagen (V) påpeika at om festivaldeltakarar vandrar rundt i heile festivalområdet med ølglaset i handa, så er det ein uting.

– Men dette må vi gå gjennom i samband med behandlinga av ruspolitisk handlingsplan, sa Lillehagen som igjen påpeika at ølglaset må forbli der drikken blir skjenka – ikkje rundt om i heile festivalområdet.

"Ingen problem"

Marit Nauste (Ap) var langt ifrå så restriktiv i sin tankegang.

– Eg er frustrert over det eg høyrer. Ein festival utan alkohol? Dei ansvarlege for festivalane er flinke og dette har ikkje vore noko problem, sa ho og påpeika at dei som har ansvaret for ungdom si haldning til alkohol er foreldra – ingen andre enn foreldra.

21 stemte for å halde på dei retningslinjene for skjenkebevillingar som kommunen har. Men 6 stemte imot; ville ha ei litt meir restriktiv haldning. Tre frå KrF var venta. Men ein imot frå Frp, Venstre og Ap – kan tyde på at stadig fleire politikarar ønskjer å gå inn på ein meir resteriktiv skjenkepolitikk.

I samband med åpninga av Måndalshallen og konserten med Vassendgutane i september 2009, var det også skjenking av øl. Men i den samanhengen hadde dei delt området slik at det vart eitt med og eitt utan skjenking. Vakter sørga også for at ungdom under 18 år ikkje tok seg inn i skjenkeområdet. Men skulle til dømes RaumaRock få ei innskjerping av typen eit område for og eit område utan skjenking; så kan dei få ei utfordring – eit problem til og med.