Biskop i Møre bispedømme, Ingeborg Midttømme, har no gitt Vågstranda sokneråd løyve til å endre det tradisjonelle tidspunktet for gudsteneste frå kl. 11 til kl. 17 søndag ettermiddag.

– Det er flott at kyrkja går nye vegar for å tilpasse seg rytmen i samfunnet i dag, seier Midttømme.

Vil ha fleire i kyrkja

Ifølge leiaren i soknerådet, Ann-Kjersti Kjølseth Hernæs, er målet med endringa å få fleire engasjerte medlemmar til å gå i kyrkja.

– Vi synest det har vore litt lite folk på dei vanlege søndagsgudstenestene, og vi prøvde difor å kome på noko som ville bidra til at fleire tok turen til kyrkja, seier leiaren og legg til at gudsteneste på søndag formiddag ofte passar dårleg for dei fleste.

– Med gudsteneste på ettermiddagen har ein tid til ein lang frukost eller ein tur før kyrkjetid, seier Hernæs.

Ho fortel at dei har hatt forsøk med gudsteneste på søndag ettermiddag i haust, og at responsen har vore god.

– Korleis blir dette med tanke på dåp?

– Vi har vore inne på at det kan bli problematisk, og vi vil difor vurdere å endre tidspunktet i enkelte tilfelle så lenge dei som ønskjer eit anna tidspunkt for dåpen seier ifrå i god tid, forklarar leiaren og legg til at tidspunktet for gudsteneste ved konfirmasjon framleis vil vere kl. 11.

Open kyrkje

Hernæs understrekar at kyrkja skal vere open for alle.

– Viss det er tidspunktet som gjer det vanskeleg for folk å gå i kyrkja, skal vi ikkje vere redde for å gjere nokre endringar, seier Hernæs.

Det er sokneprest John Sylte samd i.

– For å få fleire til å gå i kyrkja må vi legge til rette for det. Vi har ei anna tidsrytme no enn før, seier soknepresten som håpar at endringa fører til eit større frammøte.

– Vi gjer eit forsøk her på Vågstranda, og så får vi sjå om det fungerer, legg han til.

Positiv biskop

Også biskop Ingeborg Midttømme er oppteken av å legge til rette for kyrkjas medlemmar.

– Før var det helligdagsfred på søndagar, men no skjer det arrangement heile tida. Då er det viktig at kyrkja følgjer med i tida, seier biskopen. Ho fortel at ho tidlegare har oppfordra mellom anna Kors og Øverdalen kyrkje til å legge gudstenesta på ettermiddagen slik at dei som reiser frå Bjorli kan ta turen innom kyrkja på veg heim.

– I Rauma er det mange kyrkjer, og sokneråda har difor moglegheit til å endre tidene for gudstenestene så lenge medlemmane er samde i det, seier Midttømme. Ho påpeiker likevel at det kan vere problematisk om alle skulle endre tid.

– Det er viktig med føreseielegheit for kyrkjegjengarane, avsluttar ho.