Ordførar Rolf Hurlen i Nesset er full av skryt når han omtalar utviklinga av folketalet i Vistdal. Han seier bygda utan tvil er den bygda i kommunen som har vist best utvikling i folketalet og som på den beste måten har vist vilje til bygdemobilisering og til å satse frisk på offensive tiltak i bygda.

– Ei stor ære til bygdelaget ved leiar Jan Rindli, sier ordføraren og peikar på at Vistdal er i bygda som peikar seg ut når det gjeld å ha eit utstrekt samarbeid med Rauma. Mellom anna gjeld det arbeidsplassar. Mange i Vistdal pendlar dagleg til Rauma på arbeid.

– Ja, for arbeidsplassar er det smått med i Vistdal?

– Ja, det er nok den mest typiske jordbruksbygda vi har i Nesset og her har vi framleis eit særs aktivt landbruk. Men det er mange som er avhengige av å reise langt på arbeid. Kanskje heilt til Åndalsnes eller Molde. Heile Nesset er ein typisk pendlarkommune der dei siste tala viser at heile 43 prosent pendlar ut av kommunen på jobb, fortel ordførar Hurlen. Han legg til at tal frå 2007 viser at 37 personar dagleg pendlar til Rauma.

– Det er mykje truleg at dei fleste av desse er frå Vistdal og talet er truleg endå større i dag, seier Hurlen.

– Å skape nye arbeidsplassar i Vistdal er kanskje ikkje så enkelt?

– Nei, det er vanskeleg og det er ikkje all verda ein kommune kan gjere. Men slik har varda blitt. Arbeidslivet krev stor mobilitet og folk ser ut til å akseptere det. I Nesset har vi hatt ein til dels dramatisk nedgang i folketalet, men Vistdal står fram som ei solskinsbygd fordi bygda sjøl har tatt grep, avsluttar Rolf Hurlen.