- Målet er å etablere både ski og fotturar i vinterhalvåret, som eit tilbod for heile befolkninga i regionen. I pilotsesongen 2016/17 ønsker Friluftsrådet å starte med skiturar, for så å utvide tilbodet i sesongen 2018/19 med egna fotturar, seier Petter Jenset, rådgivar i fylkeskommunen.

Målet med tilbodet er auka fysisk aktivitet i heile befolkninga i regionen og spesielt i vinterhalvåret. Det andre målet er å auke bruken, dugleiken og gleda av å gå på ski.

Tilbodet skal også auke turaktiviteten i vinterhalvåret etter «Stikk UT-metoden» med elektronisk registrering av turar i samarbeid med Morotur.

– Fylkeskommunen vil gjerne støtte eit tilbod som kan være med på å lokke folk til meir fysisk aktivitet vinterstid.

- Dei fleste innbyggarane i Møre og Romsdal går ikkje på ski. Vi er derfor opptatt av at prosjektet på sikt også skal omfatte denne målgruppa, seier Jenset.

Rolf Hermann Bjerkeli i Isfjorden idrettslag har tidlegare sagt til Åndalsnes Avis at Isfjorden og løypene til Kavliheian og Husnebbu er med i prøveprosjektet den komande vinteren. Det er meininga at opplegget skal vere opp og «gå» når den første snøen har lagt seg.