Dei har skaffa seg abonnement på både Romsdals Budstikke og Åndalsnes Avis. I tillegg har dei besøk. Redaksjonssjef Stein Siem i Åndalsnes Avis har med seg fotoapparat og andre hjelpemiddel for å vise elevane i 5., 6. og 9. klasse korleis ein journalist arbeider og kva som skal til for å få til ei lokalavis både på nett og i papir.
– Elevane skal bli meir bevisste på kva rolle media har og kva ansvar dei har, seier Linda Smiseth, som er lærar for dei aktuelle klassane. Ho fortel at elevane skal lese aviser og dei skal arbeide med å lage titlar og bildetekstar.
– Vi vil gjerne at dei unge skal bli glade i å lese aviser. Det er ivrige lesarar vi lever av og vi kvar dag arbeider for å få. Men ei avis er ikkje lenger berre det ho var. Dei unge les nok mest på nett, seier Stein Siem om besøket ved Måndalen skule.