Det er no på nytt skapt opning for straum til Skorgedalen. Det kan vi slå fast etter at årsmøtet i Selsetra og Langelia grunneigarlag nok ein gong hadde saka oppe til drøfting og votering på eit årsmøte. Nyvald leiar Halvor Hagen, seier prosessen har vore ryddig og at det ikkje har vore noko form for dramatikk i kulissane rundt det nye vedtaket. Men grunneigarlaget har altså snudd i ei sak som både har hatt stor interesse og som har hatt temperatur rundt seg i lang tid. Tidlegare nei-vedtak i grunneigarlaget har nemleg, fram til no, sett ein effektiv stoppar for planane som har vore fronta av tre hytteeigarar i dalen. – Kva har skjedd Halvor Hagen? – Det er for så vidt ingen ting som har skjedd utanom at vårt vedtak har fått eit anna utfall. Det har med å gjere at ein av grunneigarane har skifta meining og at det var fleire som møtte til dette årsmøtet enn det var til det ekstraordinære møtet sist vi gjorde vedtak. – Har grunneigarlaget vore utsett for eit sterkt press i denne saka? – Straumkameratane har heile tida vore profesjonelle i sin dialog med oss. Personleg har eg ikkje vore utsett for press, men at somme kan ha kjent på press i denne saka frå andre personar, er det liten tvil om. Men gjennom det har vi og fått klargjort fleire konsekvensar av vårt standpunkt i denne saka, seier Hagen på same tid som han understrekar at vedtaket som no er gjort er eit vedtak om ja til å føre fram straum til hytter i grunneigarlaget sitt område. Skulle fleire kome fleire til, må grunneigarlaget handsame det på nytt. LES MER OM SAKEN I PAPIRUTGAVEN AV ÅNDALSNES AVIS TIRSDAG 28. AUGUST.