90-gradersvingen på Rv-64 på Hamre i Gjerdsetbygda, har meir enn ein gong forårsaka utforkøyringar og kollisjonar. For ikkje lenge sidan vart ei garasje heimsøkt av ein bil ute av kontroll. Dei som bur nedenfor vegen, som leier gjennom Hamresvingen, har ikkje berre gode dagar. Berre det å svinge av og på Rv-64, er til tider med livet som innsats. 8. mai i år ba grunneigar Ola Magnar Hamre kommunen om hjelp til å kunne løyse dei trafikkale problema som familien etter hans meining er påtvinga. – Vi har "intet hørt og intet sett", skriv han i brevet til kommunen som vart lagt fram i samband med siste møtet i planutvalet. Nytt i saka er at Statens vegvesen har gjort ei måling av trafikken på Rv-64i området. Største talet med bilar i løpet av eit døgn var 2.500 – minste talet 1.600. I tillegg har vegvesenet målt farta på dei bilande. På det meste hadde 2.300 bilar over 60 kilometer i timen på den uoversiktlege vegen – målt i løpet av eit døgn. 150 bilar hadde 80 kilometer i timen eller meir. Det Hamre ber om er mellom anna å senke fartsgrensa til 60 kilometer i timen. Ta vekk litt av fjellknausen i svingen. Gjere vegen breiare; så brei at det kan lagast ei trefelts køyrebane gjennom svingen. Øystein Talberg oystein.talberg[AT]andalsnes-avis.no 71 22 77 26, mobil:911 90213