Tømmerskogen som vart skadd av orkanen Dagmar i romjula, ligg framleis mange plassar urørt rundt om i Rauma. Men maskinarbeidet frå Allskog si side vil starte om rundt ein månad. Det er regionleiar Arvid Eriksen i Allskog som fortel dette til Åndalsnes Avis.

Og det er i første omgang eitt maskinlag som blir sett inn i oppryddingsarbeidet i Rauma. Eriksen meiner det skal vere nok til å kunne rydde opp. Han seier han ikkje kjenner dei endelege tala for orkanskadd skog i Rauma, men at tala er blitt større enn det som vart sagt i starten.

– Skogbrukssjef Rune Horvli i Rauma har gjort ein stor jobb med å skaffe ei fullstendig oversikt. Difor meiner vi no at vi har full oversikt og at vi skal få rydda opp, seier Eriksen.

– Vi de vere fleksible og hjelpe skogeigarar som har mindre kvantum som er skadd av orkanen?

– Det er eit vanskeleg spørsmål. Dette vil bli eit økonomisk reknestykke for mange. For det første er prisen på tømmeret gått ned. For det andre er vindskadd skog gjerne 30 prosent dyrare å hogge. Det kan bety at det blir for dyrt der det dreier seg om eit lite kvantum. Men blir vi bedne om å hogge, så skal vi gjere det så langt terreng og brattheit gjer det mogleg, seier Eriksen.

– Er det stort behov for nye vegar i Rauma?

– Det har eg ikkje oversikt over, men eg veit at noko vegbygging er planlagt. Skogbrukssjef Horvli har nok oversikt over det.

– Så Allskog har situasjonen under kontroll og alle skal få levere tømmeret?

– Det er ingen gullgruve, men det trur eg folk er inneforstått med. Alle skal i alle fall få levere. Eigenaktiviteten i Rauma har vore god i vinter, kanskje best i heile fylket. Det er svært positivt. Alt skal bli køyrd inn etter kvart no framover. Vi må kanskje leige inn ekstra kapasitet på transportsida framover.

Kommunale vegar

Arvid Eriksen seier til slutt at han no er veldig spent på haldningane i Rauma kommune til bruken av kommunale vegar.

– Vi er heilt avhengige av å få dispensasjonar i denne spesielle situasjonen vi no har. Vi søker om dispensasjon i kvart tilfelle der vi er avhengig av kommunale vegar og håpar på velvilje og praktiske løysingar, avsluttar Arvid Eriksen.

Skogbrukssjef Rune Horvli kan fortelje at det samla volumet for «Dagmarskog» i Rauma ser ut til å bli rundt 7000 kubikkmeter. Når det gjeld nye veganlegg, seier skogbrukssjefen at ein god del av den skadde skogen heldigvis ligg der det er tilgang med vegar. Men fire eller fem nye veganlegg er no under planlegging.

– Det største er på 1300-1400 meter, seier Rune Horvli.