Rigmor Gjerde Nerland, Marianne Døving Hestad, Karianne Brude Lange og Andreas Skjelbostad er fire av ganske mange personar som Rauma som i løpet av dei seinare åra har busett seg i Vistdal. Til saman har dei fire i dag ni barn som betyr sterke bidrag til både barnehage og skule i Vistdal.

Karianne Brude Lange er opphavleg frå Verma. Ho er den av våre fire som har lengst fartstid i nabobygda. Ho fortel at ho flytta til bygda i 1995 og at ho i dag er gardbrukar og driv med sau. Ho opplever ei mykje meir positiv i bygda i dag enn ho gjorde for nokre år sidan og fortel at barnehagen i bygda tel 12 barn og at skulen har rundt 25 elevar. I tillegg er det fleire små som enno ikkje går i barnehage.

Mariann Døving Hestad er opphavleg frå Brønnsletta ved Åndalsnes og ho har vore busett i Vistdal i ni år. I dag er ho heimeverande mor. Ho innrømmer at ho saknar litt kortare veg til det meste og kjenner på at sola er borte litt for stor del av året akkurat der ho bur, men fortel at ho trivest i bygda. Ho ser fram til å få litt meir kontakt med andre i bygda i takt med at ungane blir større og skal bli meir aktive deltakarar i det som skjer.

Rigmor Gjerde Nerland flytta til Vistdal for eitt år sidan. Ho pendlar til arbeid på Åndalsnes, men har og ordna seg med heimekontor. Rigmor er frå Innfjorden og seier mykje er likt i Vistdal med det ho har vakse opp med i Innfjorden.

– Men Vistdal har eigen butikk og det er viktig. Her har vi ein uformell møteplass der folk treffest utan at det er planlagt. Det er viktig. Vistdal er dessutan meir ein utkant enn Innfjorden og då handlar det endå meir om å få til ting i bygda. Mitt inntrykk er at samhaldet er godt. Her går det an å drive kro og her går det an å arrangere bygdefestar fleire gonger i året. Det går ikkje lenger i Innfjorden, fortel Rigmor og meiner Vistdal er ei triveleg bygd å flytte til.

Andreas Skjelbostad er frå Måndalen og er akkurat komen til Vistdal. Han fortel at han framleis er så fersk i bygda at han eigentleg ikkje veit nokon ting. Men han er glad i å fiske og det veit han at han skal få til i elva i bygda.

– Det er klart dette er ei lita bygd. Det betyr at folk må vite kva dei går til når dei flyttar hit. Det er ingen ulempe å vere frå Verma for å seie det på den måten, seier Karianne Brude og viser til at det handlar om å engasjere seg og å vere med å ta tak i små bygder. Sjølv er ho svært aktiv i idrettslaget der ungane er aktive deltakarar.

Vistdal har eiga aktiv heimeside på nettet og dei arrangerer årleg "Sekkjepåsefest" på samfunnshuset. Identitetsskaparen Sekkjepåse (matrett for dei som ikkje visste det) har og gjort at dei no har eigen Sekkjepåsedag om sommaren.

Vistdal er ei aktiv jordbruksbygd med mange bønder. Arbeidsplassar er det dessutan på butikken, i skulen og barnehagen og ved Hanset Sand. Nokre få arbeidsplassar er det dessutan ved eit bufellesskap og ved eit oppdrettsanlegg som høyrer til Raumagruppen. Vistdal steinindustri har eit par arbeidsplassar, men svært mange av innbyggarane er avhengige av å pendle ut av bygda for å finne seg arbeid.