– Mobbing skal ikkje vere ein del av raumaskulen. Vi skal arbeide for nulltoleranse – difor er det så viktig å vedta eit manifest, seier ordførar Torbjørn Rødstøl.

Skulefagleg ansvarleg, Kåre Johan Straume, presenterte tilstandsrapporten om raumaskulen sist tirsdag – den delen av rapporten som ikkje kjem inn under personvernet og unnateke offentlegheit. Og la det vere sagt med ein gong; rapporten viser eit kommunalt skuleverk det er grunn til å vere stolte av. Elevar som trivst, elevar som tek til seg lærdom og sist, men ikkje minst – flinke lærarar med høg kompetanse. Eit elevtal, som for nokre år sidan var tilnærma i fritt fall, har no stabilisert seg – og kanskje på veg opp. Bygningsmassen er av god standard.

Utfordringar

Men også skulen i Rauma har sine utfordringar. Vi innleia denne saka med at ein av kvar tiande elev føler seg utsett for mobbing. Dette kjem fram i tilstandsrapporten for 2010. Og dette er ikkje noko eingongstilfeller. Mobbinga skal ha pågått jamnleg – 2-3 gonger i veka eller månaden skal dei mobba vere plaga av andre elevar. Men i nokre få tilfeller er det rapportert om plaging også frå vaksne – men det er i høgste grad unntaka.

Og sjølv om trivselen blant elevar i raumaskulen er høg, er det 10 prosent som seier at dei mistrivest.

Men, som skulefagleg ansvarleg påpeikar, dette er ikkje eit statisk problem. Dette med mobbing, til dømes, kan endre seg mykje frå skuleår til skuleår. Sjølv ein mobbar åleine kan slå hardt ut på ein statistikk som dette.

Mobbemelding

Og kva slags arena mobbinga skjer på, kan vere så ymse. Medan fysisk mobbing ansikt til ansikt var måten ein plaga andre på tidlegare, er det i dag digitale medier som i stadig større grad inntek mobbearenaen. Mobiltelefon og utidig bruk av SMS- og MMS-tenestene, har i stor grad teke over for den fysiske mobbinga.

Eit mobbeoffer er eit for mykje. Dette er parolen lokale politikarar arbeider etter. Dei krev nulltoleranse for denne utingen.

Og det er bakgrunnen for at formannskapet tirsdag vedtok eit manifest mot mobbing.

Utgangspunktet for dette manifestet er eit utspel frå Kunnskapsdepartementet. Alle kommunar i Norge blir inviterte til å delta i denne forpliktinga der ein skal arbeide for at alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læremiljø – der det skal vere absolutt nulltoleranse for mobbing.