– Vi har utsett heile plana om å byggje ei avstigningsplattform ved Skjerve bru, seier Tove Sylte i NSB Raumabanen. Og dermed ble det eit litt anna konsept enn planlagt det første året for den nye turisttogsatsinga på Raumabanen. Dei opprinnelege planene om stopp ved Skjerve bru, skulle gje høve til avstigning og til å litt nærkontakt med Rauma elv. – No viser det seg at grunntilhøva der plattforma skulle byggjast ikkje er tilfredsstillande og av den grunn ville vi aldri kunne ha blitt ferdig til sesongen i år. No prøver vi i staden ut ei anna løysing med to fotostopp, seier Tove Sylte. Og Sylte meiner dette ikkje vil føre til et dårlegare tilbod for dei reisande no det første året. Avstigningsstoppet ved Skjerve bru blir erstatta med fotostopp både ved Trollveggen og på Kylling bru. – Men det betyr då inga avstigning? – Det blir inga avstigning, men vi vil no nytte dette første året til å gjere ei solid og grundig marknadsundersøking som skal gje oss svar på korleis kundane våre vil ha det, seier Sylte. – Og det kan bety at plattform ved Skjerve bru er kutta ut for godt? – Det kan det bety. Året i år og erfaringane vi får, vil vise kva som blir resultatet, seier Tove Sylte. Det første turisttoget vil gå frå Åndalsnes den 1. juni. Stein Siem stein.siem[AT]andalsnes-avis.no 71 22 77 25, mobil: 915 10585

<B>Endringar.</B> ? Vi utset å byggje ny plattform ved Skjerve bru. Det året som kjem vil gje oss ein del nye svar om produktet vi tilbyr, seier Tove Sylte i NSB.