Rauma er ein nynorskkommune om vi berre ser på elevane som i år går i 8. klasse i ungdomsskulen. For dette årskullet er nemleg situasjonen slik at det er fleire elevar med nynorsk som opplæringsmål enn det er elevar med bokmål. Heilt ferske og oppdaterte tal for ungdomstrinnet i kommunen viser at det er 42 nynorskelevar og 39 i 8. trinn.

Dei fordeler seg med 21 elevar i Måndalen, 11 på Åfarnes og ni på Åndalsnes i ei nynorskgruppe som kjem frå Isfjorden.

I 9. trinn er det og nesten like mange som har nynorsk som bokmål. Her er det 17 elevar i Måndalen og 26 på Åfarnes med nynorsk. Bokmålselevane i på Åndalsnes tel 44 og er ein elev meir enn nynorskelevene på det trinnet.

På 10. trinn er det ei meir «normalfordeling» med 51 bokmålselevar og 26 nynorskelevar.Det er altså ganske eineståande unnatakstilfelle vi her kan vise til. Det «normale» er ei klar overvekt av bokmålselevar i alle årskull.

Til saman så har 531 elevar bokmål i raumaskulen. 337 elevar har nynorsk. Det betyr at nesten to av tre elevar lærer seg bokmål som sitt hovudmål her i kommunen. Dei siste tale er henta frå ein stistikk frå førre skuleår. Tala kan difor ha små endringar i høve til inneverande skuleår.

– Vår erfaring med nynorskelevar her ved skulen er at dei aller fleste held fram med nynorsk som hovudmål ut ungdomsskulen. Når dei går over i vidaregåande skjer det derimot eit større fråfall, seier einingsleiar Geir Grav ved ungdomsskulen på Åndalsnes.

Han fortel og at det ikkje er ofte at skulen har nynorskelevar slik dei no har med ni elevar i 8. trinn.