– Du kan rydde kor du vil eigentleg. No handlar det om at du gir vekk det du ikkje vil ha, seier Per Arne Skomsø som har teke på seg å vere auksjonarius når Langfjorden fotballklubb og Rødven ungdomslag skal arrangere auksjon laurdag om to veker.
Skomsø snakkar om alt frå pyntegjenstandar og potetsekkar til større ting som lenestolar og andre møblar.
– Leiker sjølvsagt, og ski syklar og anna utstyr. Barneklede går sikkert fint, men klede til vaksne er ikkje så enkelt.
– Vi vil gjerne at folk no melder på det dei vil gje bort til auksjonen og at ting blir levert til oss. Auksjonen skal vere på ungdomshuset Breidablikk, fortel Per Arne Skomsø.
Han oppfordrar til slutt folk om å rydde på loft og i kjellar og med det å vere med på dugnaden.