Det er Sunnmørsposten som presenterer ei undersøking gjennomført av Sentio Research Norge der folk i kommunane på Sunnmøre, inkludert også Vestnes, har blitt spurt kven dei helst vil slå seg samen med dersom det skal bli kommunesamanslåingar.

I Vestnes har 33 prosent svara at dei ser for seg Ørskog som ein mest aktuell partnar.

Rauma er ein god nummer to med 32 prosent.

Vidare har vestnesingane svara:

Haram (25 prosent),

Skodje (14 prosent) og

Stordal (11 prosent).

Undersøkinga har ingen tal når det gjeld synet på Vestnes i Rauma, men i Ørskog er det 25 prosent som ser for seg å slå seg saman med Vestnes.