For halvanna år sidan vart det gjennomført branntilsyn ved skulebygget på Vågstranda. Til saman 13 avvik vart påvist ved det kommunale bygget.

Avstengt

I sum førte det mellom anna til at andre etasje av skulen vart stengt. Elevane måtte flytte ned i første.

Skulen har hatt ei dispensasjonsordning som gjer at andre etasje har vore nytta dette skuleåret. Men no er altså ei permanent løysing på gang. – Ei utvendig trapp frå andre etasje er allereie montert. I tillegg er det montert eit alarmanlegg som er testa og funnen i orden, forklarar assisterande rektor Mariann K. Reistad.

Litt tregt

Ho legg til at det som gjenstår for at avvika skal kunne «lukkast» er ein del innvendig arbeid knytt til den nye rømningsvegen.

– Det arbeidet har gått litt tregt, men vi håper at ting skal vere på plass om ikkje alt for lenge, påpeikar Reistad. Kommunen har godkjent planene som omfattar eit tilbygg med bruksareal på 10 kvadratmeter samt eit brannvarslingsanlegg med ledesystem og naudlys.