– Jeg eg fekk i oppdrag å plukke ut ti personar frå Rauma. Instruksen frå Slottet var at dei skulle representere eit tverrsnitt av folket her i kommunen og at dei skulle representere ulike grupper, seier ordførar Lars Olav Hustad. Og dei ti som no er plukka ut, skal gå ombord i skipet medan det ligg i Haram kommune og kommunesenteret Brattvåg på fredag. Og i følge det ordføren veit, skal gjestane få ei enkel servering, ei omvisning på skipet og dei får helse på kronprins Haakon og kronprinsesse Mette Marit.

– Eg har prøvd å ta forskjellige omsyn og eg legg ikkje skjul på at det til dels har vore ei utfordrande oppgåve. Vi har lagt både kjønn, alder og geografi til grunn og vi har sett på kven kvar einskild representerer, fortel Lars Olav Hustad.

Han presenterer følgjande liste:

Konstituert rådmann Perry Ulvestad, kontorsjef Andreas Hjertviksten (tilsett i 40 år) Anders Slemmen ( tilsett i 40 år), Emy Benjamins (innflyttar og stort frivillig arbeid), Lindbjørg Vike (Frelsesarmeen), Lars Wenaas (næringslivet og engasjert aktør i lokalsamfunnet) Arvid Gjerde (næringslivet og engasjert aktør i lokalsamfunnet), Tonje Dahle Hovde (dagleg leiar RaumaRock), Christel Siem (festivalsjef ( i permisjon) i Norsk Fjellfestival) og Peder Gjerstad (ungdomsrådet).

Ære. Anders Slemmen er snart pensjonist. Han er ein av ti frå Rauma som no er invitert til eit offisielt besøk på Kongeskipet i Brattvåg. Foto: Stein Siem