Mange av delegatane på fylkesårsmøtet til Møre og Romsdal Senterparti fylte ut donorkort i helga. Jenny Klinge tok i fjor initiativ overfor stortingsgruppa til Senterpartiet om saka, og 10 av 11 stortingsrepresentantar vart med på aksjonen. Også mange på Senterungdommens landsmøte fulgte opp.

- Det er mangel på donorar i Noreg no, seier Klinge. - Ein treng dobbelt så mange. Årsaka til at det er for få, er at ikkje mange nok har fortalt sine næraste at dei kan vera donorar dersom dei døyr brått, og at legane tykkjer det er vanskeleg å spørje. Eit donorkort og informerte pårørande gjer dette enklare. Så oppfordringa mi, er at flest mogleg skaffar seg donorkort, og gjerne at politikarar frå ulike parti går føre som gode eksempel. Faktisk kan kvar organdonor redde opptil sju andre liv.

Klinge fortel at ein kan skaffe seg donorkort på apoteket, ved å kontakte Donorforeningen, og ved å laste ned som ein app på mobilen. - Kortet skal liggje i lommeboka, og det er viktig å informere to av dine næraste om at du stiller deg til disposisjon som donor slik at dei kan stadfeste dette viss det blir aktuelt.

Ingvild Auflem Vik, som er leiar i Senterungdommen i Møre og Romsdal, deler engasjementet til Klinge. – Det er kjempebra at så mange senterungdommar allereie har fylt ut eit slikt kort, og at mange fylkesårsmøtet til Senterpartiet fulgte oppfordringa. Vi i Senterungdommen vil arbeide for å få fleire til å vurdere dette.

- Det er snakk om at fleire må ta stilling til om dei vil vera organdonorar dersom det verste skulle skje med dei, seier Klinge. - I alle fall for min del er det fint å tenkje på at andre menneske kan redde livet dersom eg skulle døy brått. Vi veit ingenting om morgondagen, men vi kan bidra til at andre får ein morgondag, avsluttar ho.