Det blir teater på Holmemstranda også i år. Holmemstranda ungdomslag held ved like ein tradisjon som laget har hatt heilt sidan det vart stifta for 115 år sidan.

– Eg trur det har vore arbeidd med teater meir eller mindre heilt sidan laget vat stifta, seier leiar Alf Roger Antonsen og fortel at laget vil setje opp eit nytt stykke i ein serie på tre som vart starta i 2007.

Åtte skodespelarar er med og dei har så vidt starta med leseprøvene på eit stykke som ber tittelen "Misunnelse og uvennskap".

– Vi har no oppdaga at dette eigentleg er nummer ein og at vi spelte nummer tre for fire år sidan, men kva gjer det? Ingen verdas ting, seier Antonsen og fortel at det er eit endå betre manus denne gongen enn det dei brukte for fire år sidan.

– I 2007 sette de og opp ei framsyning i Rauma kulturhus. Vil de gjere det i år og?

– Ja, det legg vi opp til. Det var suksess på Åndalsnes med fulle hus sist og då vil vi at folk skal få same sjansen i år og. Det blir nok ikkje plass til alle her på Strandheim, seier ein av skodespelarane, Jan Arild Langnes, med eit smil.