Det viser summen på oppgåvene frå aktørar med skjenkebevilling. Særleg omsetninga av brennevin har gått tydeleg attende i løpet av fjoråret.

Oversikta, som vart presentert formannskapet på deira siste møte, har omsetningstal så langt attende som til 2003. Oversikta utgjer summen frå omsetningstala til dei som har skjenkebevillingar i kommunen – det vere seg kafear, kroer og hotell.

Fram til og med deler av 2006 var det fire grupper alkohol – øl i skatteklasse 1, rusbrus gruppe 1, vin gruppe 2 og brennevin i gruppe 3.

Minkande brennevinsal

I dag er det tre grupper igjen. Rusbrus er slege saman med øl som gruppe 1.

Toppåret for omsetning av øl dei siste 9 åra var i 2007. Då vart det registrert sal tilsvarande 54.803 liter. I 2010 var skjenkinga av øl redusert til 42.971 liter – i fjor 36.153 liter; det lavaste salstalet som er registrert.

Skjenkeomsetninga av vin nådde toppen i 2009. Då fortel rapportar om skjenking av 5.110 liter. I fjor hadde omsetninga gått ned i 4.365 liter – også det under 2010 og altså langt under rekordåret 2009.

Den gruppa alkohol som viser størst nedgang i salet er brennevin – det ein kallar alkohol i skatteklasse 3. 684 liter er det lavaste talet som er registrert så langt attende som statistikken går.

Langt unna toppåret

Toppåret for skjenking av brennevin var i 2009. Då vart det omsett brennevin tilsvarande 1.301 liter. I fjor var omsetninga nesten halvert; til 684 liter.

Kva er så årsaken til nedgangen?

Talet skjenkestader har gått litt ned. Ikkje alle har vore i drift heile tida. Det fortel litt om nedgangen.

Men den nesten heile og fulle sanninga får vi først når tala for sal av alkoholhaldige drikkar ligg føre. Folk kan i større grad kjøpe enn få seg skjenka alkohol.

Også den oversikta er like rundt hjørnet.

Og sjølv om notatet rundt omsetning av alkohol frå skjenkestader, kun vart teke opp som ei referatsak på formannskapsmøtet tirsdag 24. april, var det nokre av politikarane som heva augebrynet utan å kommentere.

Tilgjengelegheita har ikkje minka. Er det innbyggarane i Rauma som er i ferd med å bli eit meir edrueleg folkeferd?