Som tidlegare omtala starta Vegvesenet regulering av ein kontrollstasjon ikkje langt unna det planlagte innslaget av Vågstrandstunnelen på Vågstranda. Dei skulle nytte synergieffektane. Bruk av steinmasse frå tunnelen til utfylling av eit myrlendt areal ved eksisterande E-136 500 meter vest for Vågssvingen. Her såg dei for seg ein stasjon med bygning som skulle romme eit bremsetestanlegg og andre tekniske kontrollar knytt til tunge køyrety.

Kontrollstasjonen på Horgheimseidet i Romsdalen er lagt ned. Bygningsmasseog vekt skal takast vekk. Og ettersom Vegvesenet ikkje fann eigna areal i Romsdalen, vart Våge sett på som ei muleg løysing. Reguleringsarbeid vart igangsett.

Men nå har grunneigarar og bebuarar i området fått eit brev der tiltakshavar skriv at planene er skrinlagt.

Grunnen til det er at etter kvart som planleggingsarbeidet har skride fram, så har tiltakshavar oppdaga utfordringar knytta til jordbruk, til arkeologiske funn og anna. Tiltaksområdet har dessutan etter kvart vorte betydeleg redusert.

Vanskeleg

Vegvesenet skriv også at det i tillegg har vist seg vanskeleg å få til ei god og sikker av- og påkøyring frå den nye vegen inn på eksisterande europaveg.

Krysset må leggast nokså nær tunnelåpninga på Våge. Skal denne flyttast slik at den tilfredsstiller ei sikker løysing knytt opp til ein så stor andel tungtrafikk, vil det bli ei kostbar løysing – for kostbar slik Vegvesenet ser det.

Gjennom synfaring og ei samla vurdering, som det heiter, har Statens vegvesen komme til at dei ikkje vil legge kontrollstasjonen til Våge.

I samarbeid med Rauma kommune vil dei no sette i gang arbeidet med å finne nye areal som kan nyttast til formålet. Prioritert strekning er E-136 mellom Åndalsnes og Bjorli – ved stamvegen gjennom Romsdalen.

Ei alternativ løysing er å etablere kontrollstasjonen ved E-136 ein anna stad enn Våge på strekninga Åndalsnes-Vestnes.