Oppstarten av Vistdal bygdelag i 2008 har vore avgjerande for det trivselsskapande arbeidet som har vore gjort i byda dei siste åra. Det meiner i alle fall leiar i laget, Jan Rindli. Han fortel at bygdelaget, etter oppstarten, fekk hjelp frå Nesset kommune til å utforme ein god og grundig søknad med tanke på å få bygdeutviklingsmidlar. Resultatet av det vart heile 300.000 kroner for å starte ulike tiltak i bygda.

Og Rindli skryt mykje av Nesset kommune og viljen både frå ordførar og rådmann til å hjelpe til med tiltak dei har sett i gang i Vistdal.

Folk i alle hus

Mellom anna har prosjektet "Folk i alle hus" blitt sett i gang i samarbeid med kommunen. Her har Vistdal vore pilotbygd og Rindli meiner fire småbruk i bygda no allereie vil kome på sal på grunn av dette arbeidet. Han seier at også andre bygder i kommunen no vil lære av dette prosjektet.

– Vidare har vi rydda og merka mange stiar til fjellet her i bygda og vi har fått til ei lang vandring langs elva. Berre elva åleine er ein stor attraksjon, seier Rindli og fortel om ei frisk elv med godt fiske og som godt organiserte grunneiagarar som tek hand om både jakt og fiske både i bygda og på fjellet.

Og så vil leiaren i bygdelaget framheve heimesida Vistdal.com. Han viser til at dette er ei side som har fått stor respons og som blir svært mykje brukt. Her blir det meste av det som rører seg i bygda lagt ut.

– Denne sida fungerer faktisk som bygda si eiga lokalavis, fortel leiaren i bygdelaget.

Og så er det Sekkjeposen! Bygda sin eigen matrett som dei no vil prøve å kapre einerett på for alt han er verd. Til helga skipar bygdelaget til sekkjepåsefest for 45. gong og her er det fullt nesten før påmeldinga blir opna kvart år. Dei snakkar nesten om ventelister på desse festane i Vistdal.

– Det er liten tvil om at det arbeidet som bygdelaget nå gjer er med på å forsterke stoltheita her i bygda, men vi veit og at det er viktig å halde trykket oppe, seier Rindli. han meiner det krevst stor kreativitet og sterkt engasjement slik at den gode stemninga ikkje får dabbe av.

– Er Vistdal ei sårbar bygd?

– Svært sårbar. Vi er og blir ein utkant og i det ligg det mange utfordringar. Mellom anna er det svært mange som må pendle for å kome seg på jobb, avsluttar leiaren i bygdelaget, Jan Rindli.

Heimesida. – Sida Vistdal.com fungerer som bygda si eiga lokalavis, fortel leiar i bygdelaget, Jan Rindli. Foto: Stein Siem