Seier med 4-1 i den siste kampen mot Måndalen. Det var den siste kampen som Langfjorden jenter 16 kunne legge til sin nesten eventyrlege statistikk. No har ikkje laget tapt ein einaste kamp i serien dei to siste sesongane og laget har dessutan vore i fylkesfinalen dei to siste sesongane. I tillegg til dette spelte laget heile haustsesongen for to år sidan også utan å tape ein kamp. – Ja, det er all grunn til å gje dette laget skryt, seier trenar Arild Staurset. Han fortel at mange av spelarane har vore med heile tida, men laget har og greidd å fornye seg. I år er til og med fire jenter heilt ned i 12-13 vore tatt med for å erstatte dei eldre som har gått ut av laget. Fire kampar står no att for suksesslaget frå Åfarnes før dei, etter alt å dømme, nok ein gong skal ut i kretsfinale og eventuelt ein fylkesfinale. – Mykje tyder på at vi vil møte Goma frå Kristiansund dersom vi kjem til kretsfinale. Det er i alle fall slik det ser ut i dag, seier Arild Staurset og legg til at neste kamp i serien er eit lokaloppgjer mot Veblungsnes. Eitt av laga som er nærmast på tabellen. Stein Siem stein. siem[AT]andalsnes-avis.no 71 22 77 25, mobil: 915 10585