Årsaken til det er innføringa av elsertifikat. Frå 1. januar i år innførte nemleg myndigheitene denne ordninga i Norge og Sverige. Den skal stimulere til auka produksjon av fornybar elektrisitet. Ordninga, som gjer at kraft frå nyutbyggingar blir betre betalt, vil vare til og med 2020. Eit anlegg etter 2020 vil ikkje få nytte av ordninga. Men anlegg etablert før 2020, vil gje 15 år med støtte.

– For å få maks utteljing, er det viktig å kunne gjennomføre utbyggingane innan 2020, forklarer direktør Alf Vee Midtun i Rauma Energi AS.

Fornyinga av Verma kraftstasjon ventar på klarsignal frå Miljøverndepartementet.

Flomvatn

Ved Berild kraftstasjon i Innfjorden skal dei starte arbeidet med å etablere ein turbin som skal nytte flomvatn til ekstra produksjon – det såkalla Berild 2. Dette skal føre til mindre stopp og start av kraftverket som skal vere klart til produksjon våren 2013.

Ein søknad om kraftstasjon tilknytta Herjeelva, er også under handsaming i Miljløverndepartementet.

I eit normalår vil tilleggskrafta frå dei tre anlegga gje Rauma Energi AS ein meirproduksjon tilsvarande 60 millionar kilowatttimar – eller 60 GWh. Får ein full effekt av elsertifikatordninga er dette elektrisk kraft som blir betalt med frå 16 til 17 øre meir per kilowatt. Vel 9 millionar kroner i årleg i meirinntekt – og det over ein 15-årsperiode.

Produksjonsauke

I fjor var produksjonen ved kraftstasjonane på Berild og Verma 120 GWh. Med dei tre nye einingane på plass, vil den årlege produksjonen i eit normalår komme opp i 180 GWh.

– Med ein straumpris på rundt 50 øre inkludert sertifikatprisen vil det gje 30 millionar kroner i meirinntekter. Visst ligg det eit enno ubenytta potensial i kraftselskapet, slår styreleiar John Ekroll fast.

I tillegg til dei tre nemnte prosjekta, er det også planer om eit kraftverk knytt til Kavlifossen i Isfjorden. Men det ligg lenger fram i tid.

Ut av køa

I løpet av dei siste åra har Rauma Energi AS fått gjennom ikkje mindre enn fire prosjekt i NVE. Dei har ingen i den lange køa av planlagte utbyggingar som ventar på behandling i direktoratet.

– Korleis har de fått til det?

Styreleiaren smiler lurt.

– Gjennom dialog – god og konstruktiv dialog, seier styreleiaren.

Og skulle det gå mot ei snarleg sluttbehandling også i Miljødepartementet kan det snart vere klart for utbyggingar både på Verma og Herje.