Trafikktryggingsutvalet i fylket kravde i januar i år at alle skulebussar i Møre og Romsdal skal ha setebelte til alle elevar. Det vart og lagt til at dette skulle gå hand i hand med ei haldningskampanje for å auke bruken av setebelte. Det vart der og då sett av 300.000 kroner til ei slik kampanje og bodskapen skulle vere at det var like viktig å bruke belte i buss som i bil.

I dag er det 83 bussar utan setebelte i Møre og Romsdal. Det betyr at det er heile 3645 buss-sete der slike belte må ettermonterast. Fylkeskommunen legg no til grunn at dei skal få til ein avtale med dei ulike busselskapa der fylkeskommunen dekker kostnadene og selskapa sjølve står for monteringa.

– Det var gledeleg nytt, seier Per Oddvar Sæth i Veøy Buss. Han fortel at selskapet i dag har fire bussar som ikkje har belte og at dette vedtaket no tyder på at Veøy Buss skal få ein komplett busspark med setebelte. Sæth legg til at i to av bussane kan det kanskje by på utfordringar med ei slik ettermontering, men han håpar det skal ordne seg.

– Er det i dag påbod om bruk av belte i buss?

– Nei, det er ikkje det. Lovverket seier at det ikkje er påbod i bussar som er eldre enn frå 1999. Eldre bussar kan vi fritt bruke både til skulekøyring og til rutekøyring, men det er klart vi er glad for å ha belte i alle bussar.

– Og dette er ikkje bussar de står på tur til å skifte ut?

– Nei, vi har avtale med fylket berre ut 2012. Kva som skjer etter det veit vi ikkje. Det normale har vore å få avtalar for fire år om gongen. Det er no inngått ein avtale for ålesundsområdet for sju år. Det kan vere lov til å håpe, men dette er rein konkurranse, seier Per Oddvar Sæth. Han legg til slutt til at det framleis og er lov til å ha ståplassar i bussane. Om det og vil kome ei ny lov som vil regulere dette, blir spanande å sjå.