Årets Sinclairspel er det beste som nokon gong har vore presentert frå utescena på Klungnes. – Nøgd, ja – og rørt, sa regissør Erik Ulfsby etter premieren for ein tilnærma fullsett areana onsdag kveld. Erik Ulfsby, som på ein fantastisk måte har fått til samspel mellom skodespelarar, profesjonelle og amatørar. Som på ein like framifrå måte har henta ut det beste frå gamal og ung. Som på ein unik måte har henta ut mystikk og dramatikk frå oppbygd og naturleg anlagt scene. "Beste Sinclairspel nokon gong", er ingen tom frase – det er eit udeleleg og ufråvikeleg faktum. Aldri før har dramatikken vore så påtrengande, så kroppsleg nær, så tett på, som under framføringa, onsdag kveld. Aldri før har eg opplevd den sterke historia Sinclairspelet er bygd på og rundt, så nært og påtrengande som under framføringa onsdag. No er det opp til folk flest å sørgje for at det gedigne arbeidet som er nedlagt for å få dette spelet i hamn på ein profesjonell måte, ikkje blir fånyttes. Sinclairspelet er ikkje berre for i dag og i morgon. Dette er eit unikt spel også for framtida. Utan publikum si støtte, er innsatsen frå dei involverte til liten nytte. Profesjonelle skodespelarar som Arne O. Reitan, Pål Rønning og Frode Winther, Ellen Birgitte Winther, Åsmund Brede Eike og alle dei andre deltakande – fortener fulsette tribuner – kvar kveld. Dette var fantastisk!