Som eit nesten tre år langt svangerskap. Slik har det kjennest for Randi og Per Egil Eide sidan mars i 2005. Det var då dei sendte søknaden og ordna dei papira som skulle til for å kunne få adoptere ein liten gut eller ei lita jente frå Colombia i Sør-Amerika. Sidan då har dei venta på den rette telefonen eller på det rette brevet i postkassa. Brevet eller telefonen som kunne fortelje at no er alt klart. Det er berre å setje seg på flyet til Bogota i Columbia. Men slik har det altså ikkje blitt. Det som dei trudde skulle blir den store julegåva til jul i 2007, er no i ferd med å endre seg til eit håp om ei julegåve i 2008. – Vi veit at vi er godkjent og vi veit at vi, ein eller annen gong, vil få eit barn, men vi veit ikkje når, seier dei to og innrømmer at livet meir eller mindre har blitt som å leve i ei venteboble. – Det blir så vanskeleg å planleggje. Vi veit aldri kva som skjer litt fram i tid, seier Randi og innrømmer gjerne at ventetida til no har vore prega av store både oppturar og nedturar. Både tårane og skuffelsane har vore mange, og til tider har ho spurt seg sjølv om kvifor ho har gått inn i det heile. Men ikkje alle par kan få sine eigne barn. Det vart etter kvart klart for Randi og Per Egil som i dag er 30 og 38 år gamle. Tre forsøk med prøverør gav heller ikkje noko resultat. – Hadde det vore opp til det vi har ønska oss, så hadde vi no hatt barn i skulen, seier Randi og fortel at det å vere barnlaus berre vart verre og verre i takt med at fleire og fleire i vennekrinsen fekk sine første barn. Ikkje var det lett heller når folk spurte om det ikkje snart var deira tur til å få sitt første. Etter at forsøka med prøverør ikkje hadde lykkast, bestemte dei seg for å gå inn i prosessen med adopsjon. Ein prosess som ville krevje mykje energi og ville koste mange kroner, men som dei ville vere prega av glede og eit sterke forventningar. – Det er eit svært ønska barn vi ventar på, seier Randi og fortel om prosessen som starta med at barnevernet i Rauma gjennomførte ei svært nærgåande utspørjing med tanke på å kvalitetssikre dei som komande foreldre. Dei opplevde det begge som nesten ubehageleg personleg, men dei forstår at styresmaktene både her i landet og i Columbia set strenge krav slik at ein adopsjon ikkje skal bli mislukka. Valet fall på Adopsjonsforum som er eitt av tre adopsjonsbyrå her i landet. Columbia vart det fordi det er eitt av samarbeidslanda til Adopsjonsforum og fordi dei har snakka med andre som har adoptert nettopp frå Columbia. I tillegg passa Columbia med med krav dette landet stiller til dei som skal bli adoptivforeldre. Frå Columbia vil dei komande foreldra få eit barn mellom null og to år og dei kan ikkje velje om dei vil ha gut eller jente. – Det kan vi ikkje når vi får barn på normalmåten heller, er Randi rask med å skyte inn. Men å planleggje blir vanskeleg. Ikkje veit dei om dei treng babyklede og ikkje er det råd å setje eit barnerom i ferdig stand. – Vi veit ikkje om vi treng barnevogn ein gong, seier Per Egil og føyer til at det heller ikkje er lett å planleggje ferie nokre månader fram i tid. – For meg hadde det vore fint å kunne korte ned ventetida med å gjere ein del slike ting, men det får berre vente, sier Randi og legg ikkje skjul på at det å erkjenne, og slå seg til ro med, at ein ikkje kan få eigne barn har vore ein krevjande prosess. Men no har ho lagt det bak. Ho greier å gle seg over at andre blir gravide og ho gler seg stort på å bli mor ved adopsjon. – Vi skal vere i Columbia i tre til åtte veker og vi får tre veker på å gjere oss klar for å reise når vi endeleg får beskjed, fortel Per Egil. Han trur eit så langt opphald i landet vil vere bra med tanke på å bli kjent med landet og tilhøva rundt barnet dei skal hente. Men på same tid veit han at han vil bli rastlaus av å bu på hotell og at lysta til å kome heim vil bli sterk etter nokre dagar. – Er det slik at den lange ventetida kan gå på motivasjonen laus? – Til tider ja, men plutseleg kjem den sterke lysta attende. Det er fint at vi har så mange rundt oss som ventar saman med oss og som gler seg saman med oss. Eg trur eit adoptert barn er like sterkt ønska i ein storfamilie som eit barn som kjem til verda gjennom ein vanleg fødsel, seier Randi. – Eg prøver ikkje å tenkje på dette kvar einaste dag. Eg spring ikkje til postkassa for å sjå om eit brev er kome. Det gjer eg for ikkje å slite meg ut, sier Per Egil. – Men til neste jul er det kome ei julegåve frå Columbia til Eidsbygda? – Det er nesten blitt slik at vi ikkje tør å tru på det. Vi veit at det er mange som ventar og som sikkert har det som oss. Vi har lyst til å seie ja, men tør ikkje heilt. Randi tenkjer at ventetida har vore lang, men at det likevel på sett og vis har gått fort. Ho seier den sterke lengten heilt sikkert vil utløyse ei enorm glede og ein straum av tårar den dagen, som må komme, då ho kan stå der, ein eller annen plass i eit framandt land, med barnet sitt i hendene. Eit barn ho aldri før har sett, men berre har drøymt om. Eit barn som oppfyller alle draumane og som gjer at ho og Per Egil kan bli foreldre. – Vi er meir enn klare til å snu opp ned på livet. Berre det kunne skje når som helst, seier Randi og kikkar bort på ektemannen. Når vi kjem til mars, har altså "svangerskapet" vart i tre år. Stein Siem stein.siem[AT]andalsnes-avis.no 71 22 77 25, mobil: 915 10585